Photo: Jortveit, Anne Karin / Kunst i offentlige rom

Norway House, Houston

Kunstverka som er skaffa til Norway House i Houston, opnar opp for nye og uventa fortellingar.

Houston ligg i den amerikanske delstaten Texas, og her finn vi Norway House, ein stram og funksjonell teglsteinsbygning som husar det norske generalkonsulatet og Innovasjon Noreg. I 2010 blei den da nær 30 år gamle bygningen rehabilitert, og i samband med oppussinga blei verk frå to norske kunstnarar kjøpt inn.

På veggen i auditoriet i andre etasje heng Marit Helen Akslen sin store tekstil Frise frå 2009. Det monumentale verket, som er 26o cm breitt og 130 cm høgt, er bygd opp av kvite tekstilar i eit intrikat og vakkert mønster med ein spennande lys- og skuggeeffekt. Ser ein godt etter, vil ein oppdage at verket er sett saman av skjortekragar. På humoristisk og underfundig vis speglar dei kvite kragane møte mellom menneske.

I loungen, som til dagleg fungerer som eterom for dei tilsette, heng 11 måleri av Bente Louise Aas, måla i perioden 2003–2009. Måleria er montert som ei frise rundt eit av hjørna i rommet. Verka til Aas er ikkje store i omfang, men gir ofte vidt oversyn. Her finst surrealistiske og poetiske overgangar mellom aude natur og urbane landskap som gir assosiasjonar til både Noreg og USA.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to