History
-
Den 2. desember 1958 feira Fylkesbaatane 100 år. "Kongen kjem til jubileet", melde avisene i november, og MS "Sunnfjord" skulle vera kongeskip. Heile fylket førebudde til festdagar, Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Tusenvis møtte fram dei ti stadene kongen stogga.
Fylkesbaatane sitt 100 års-jubileum og kongebesøket fekk stor plass i Sogn og Fjordane-avisene i månadsskiftet november/desember 1958. Det var fyrste gongen HM Kong Olav V gjesta Sogn og Fjordane etter tronskiftet 21. september 1957 (Kongen var ikkje i land under signingsferda med kongeskipet sommaren 1958). Avisa Sogn og Fjordane skreiv 1. desember på leiarplass:
"Velkomen!
Når kong Olav no kjem på si første offisielle vitjing til Sogn og Fjordane etter at han vart konge, helsar folket her i bygdene kongen hjarteleg velkomen. Det er ikkje så ofte me her i vårt fylke har høve til å møtast med kongen, og difor vert ei slik vitjing ei ekstra høgtid for oss. Og særleg gledeleg er det at kongen kjem no og legg glans over 100-årshøgtida for Fylkesbaatane våre."Fylkesbaatane vart skipa i 1858 under namnet Nordre Bergenhus Amts Dampskibe. Dei to fyrste skipa var DS "Framnæs" og DS "Fjalir". "Framnæs" gjekk første turen frå Bergen til Sogn 2. desember 1858. Denne datoen vart seinare rekna som skipingsdatoen for Fylkesbaatane. "Fjalir" gjekk første turen sin til Sunnfjord og Nordfjord i januar 1859. Namnet vart endra i 1919 då amtet fekk nytt namn: Sogn og Fjordane fylke.
I jubileumsåret 1958 kunne Sogn og Fjordane fylke oppsummera med at Fylkesbaatane hadde hadde tent fylket og folket gjennom 100 år. Fylkesbaatane hadde vore "livsnerven" i transportsambandet til og frå Bergen, og lokalt i fjordane og kystbygdene. Mange gratulerte og ynskte til lukke med framtida. På ein fest i Bergen tok programposten gåveoverrekking to timar.
Kongebesøket i 1958 varde i tre dagar, - måndag, tysdag og onsdag, 2.-4. desember. Fylket proklamerte flagging frå alle offentlege bygningar og folk flest vart oppmoda om å heisa flagget kvar dag.
Måndag, 2.12: Kongen kom til Flåm om morgonen med nattoget. Fylgjet gjekk om bord i MS "Sunnfjord". Reiseruta i Sogn var Hermansverk, Vangsnes, Høyanger og Vadheim. Frå Høyanger køyrde kongefylgjet i bilar til Førde.
Tysdag, 3.12: Frå Førde til Sandane, vidare med "Sunnfjord" til Nordfjordeid og Måløy.
Onsdag, 4.12: Frå Måløy til Florø og Askvoll, vidare til Bergen. Uoffiselt møte med sulingar i Krakhellesundet.
(Kjelde: Nettstaden "Kulturhistorisk leksikon", artikkelen "Kong Olav i Sogn og Fjordane - Fylkesbaatane-jubileet 1958" av Hermund Kleppa.)
Fotografering: December 4, 1958
Eigar av bilete er stuert Harry Runderheim, Bergen. Utlånt av Firda Sjåførforening, Førde- FotografReiakvam fotosikker
Classification
-
- Veier og broer (Outline)OU 491
References
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierNVM 14-F-02514
- Part of collectionNorsk Vegmuseum
- Owner of collectionNorsk Vegmuseum
- InstitutionNorsk vegmuseum
- Date publishedNovember 26, 2021
- Date updatedNovember 26, 2021
- DIMU-CODE0210111456097
- UUIDcad44ea4-3647-421a-a3d7-56b920dccbe9
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».