Mange vagværar vart tekne av tyskarane for å ha drivi illegalt arbeid under okkupasjonen 1940-45- Folk i Vågå møtte fram i hopetal for å ta imot dei da dei kom heim att etter frigjeringa frå fangeleirane fredsvåren. På dette bildet ser vi framme frå venstre Fonsdal, Ola J. Svare, Ivar Sæta, Jørgen Preststulen, Thorleif Andersen, Iver Myrum og Jakob Brekken. Utanom desse var det mange vagværar som sat i fangenskap under krigen. Er det kanskje nokon som kjenner seg att i folkehopen? (Bildet er utlånt av Ivar A. Storvik).
Vågåkalenderen 1989, utgjevar: Vågå Kameraklubb
Photo:
Gudbrandsdalsmusea