Her sveisast det! Ei ny Jutulskuffe er snart ferdig. Biletet er frå inne på Eidefoss mekaniske verkstad i 1984. Han som sveisar, er som de sikkert skjønar, ikkje godt å identifisere, men ein meiner det kan vera Harald Grasdalsmoen (?). Etter nokre år gjekk arbeidsplassen over til å bli Jutul Produkter. Jutulskuffa var ein populær vare.
Vågåkalenderen 2018, utgjevar: Vågå Kameraklubb
Photo:
Gudbrandsdalsmusea