• Bjarne Øygarden
    Photo: Vest-Telemark Museum

Bjarne Øygarden

2 comments

  • Hei,

    Eg har tidlegare sendt ein kommentar med utfyllande informasjon om dette bildet, men ser ikkje ut til at det er mottatt.

    Bildet er frå Dyrskuen i 1956, jubileumsåret. Det var ulike kulturinnslag i eit stort telt på Dyrskuplassen, blant anna ein konkurranse i diktopplesing. Guten som står her er Bjarne Øygarden, 10 år (ja, eg kjente att meg sjølv, har ikkje sett bildet tidlegare.) Eg las diktet Tord Foleson av Per Sivle, og vann mi klasse (kor mange klasser det var, veit eg ikkje, trur kanksje det var bare ei klasse for alle). Premien var iallefall ein sølvpokal!!

    Kronprins Olav var til stades, man om han var i teltet under konkurransen er eg usikker på.

    Vel, dersom dette er av interesse, så legg gjerne inn det som kan vere aktuelt om bildet.

    Helsing

    Bjarne Øygarden

  • Etter at eg fann dette bildet og skreiv den førre kommentaren, har eg funne ny informasjon.
    Det er rett at eg, Bjarne Øygarden, vann ein konkurranse i opplesing ved 100-årsjubileumet på Dyrskuen i 1956. Men dette bildet er nok tatt seinare på hausten da eg og ein del andre ungdomar var med på ei tilstelling på ungdomshuset Granvin. Der skulle Anne-Cath Vestly lese og snakke om bøkene sine, og nokre ungdomar skulle også opptre med ulike innslag, opplesing, song, felespel o.a. Bildet er tatt på Granvin ein kveld vi skulle førebu oss til kvelden.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to