Nils O. Synnes sitt ved siden av dekksbåt- modellen han har laga. Dette var den første vellykka dekksbåten for både segl og årer.
Vedlagt informasjon:
I slutten av forrige århundre(1800) vart det gjort fleire forsøk på å bygge ein dekka fiskebåt som både kunne roast og siglast. Den som fann den beste løysing ...
Vedlagt informasjon:
I slutten av forrige århundre(1800) vart det gjort fleire forsøk på å bygge ein dekka fiskebåt som både kunne roast og siglast. Den som fann den beste løysinga på dette problemet var "Klungre-Ola" saman med Peder Flem og "Ola-Elias". Ola bygde den første båten av denne typen i 1889 og han var 22 fot lang. Det var særleg dei delte og hengsla dekkslukene som var det geniale. Elles var der kahytt med to køyar og omn bak i båten, og mange andre finesser. Båten vart so godt likt at Ola måtte bygge ei heil rad av slike båtar på 24-25 fot.
Nils har bygd ein slik modell til Bergens Museum og ein til Aalesund Museum og skal bygge ein til Otto Steffensen. Modellen er bygd etter nokre gamle riss og etter minnet. Ingen andre nolevande kunne difor ha gjort det.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».