History
I nesten l00 år var livet hans Olav fylt med song og musikk. Han førte vidare ein av dei best dokumenterte familietradisjonane i norsk folkemusikk. Faren, Andreas Hauge (1864–1950), var ein allsidig spelemann på langeleik, hardingfele og andre eldreinstrument.
Folkemusikkgranskaren Arne Bjørndal nytta han som hovudkjelda si for innsamling
av tradisjon i Valdres. Farmora var ”Bokbindar-Marit”, dotter av langeleikspelaren
Marit Follinglo og syskenbarn til spelemannen Bendik Toreson Gausåk.
Såleis var Olav 5. generasjon i ein tradisjon med røter attende til spelemannen
Knut P. Rengistad, f. 1728. Frå mora, Marie, fekk Olav songgleda og evna til å
kunne glede seg over dei små tinga i kvardagen. Alt på 1960-talet vart det
gjort opptak av Olav sitt spel på langeleik og munnharpe. Særleg
på munnharpe hadde han ein eineståande teknikk. Det er elles verdt å merke seg at
han smidde harper. Forteljarkunsten og forteljargleda hans er solid
dokumentert og vil bli verdsett høgt i framtida.
Ein solskinsdag i samband med Jørn Hilme-stemnet i 1999 fekk ei busslast med
spelemenn og folkemusikkinteresserte på rundtur i Nord-Aurdal treffe Olav, spele og danse for han, og seie han ein hjartans takk for at han har teke so vel
vare på musikkarven. Olav song klokkereint i lag med munnharpespelet hans
Anders Røine. Eit minne for livet for oss som fekk oppleve det!
Heldigvis fekk fleire utøvarar høve til å vitje Olav dei siste åra han
levde, slik at dei fekk oppleve han og lære direkte av han.
Dette er langeleiken som vart brukt i familien til Olav Hauge i fem generasjonar.
Dessverre finst det ikkje opptak av hardingfelespelet til Olav Hauge. Arne Bjørndal skreiv opp mange låttar etter faren Andreas; 14 låttar er med i hardingfeleverket.
Fleire har uvanlege namn, som Sissel, Hestebjølludn i Svartedauen og Fan på
Øltunna! Dei fortel om ei enkel, men original tradisjonsline, med ein solid førekomst av låttar etter Bendik i Nøen. Olav kunne fortelje at då han var gutunge, budde storspelemenn på konsertferd ofte heime hjå dei. Lorenz Hop, Kjetil Flatin og dottera Signe er spelemenn Olav vart godt kjent med. Han hugsa at han som gut høyrde Ulrik i Jensestogun, Olav Moe og Ola Fystro spele i lag med faren!
Langeleiklåttane Olav spelte, er og originale, både i førekomst, form og
spelmåte. Og han var trufast mot den gamle langeleiken som hadde vore nytta i slekta i fem generasjonar. Han var medviten om plasseringa av notane, og mislikte alle forsøk på modernisering.
Det mest minneverdige ved Olav var songrøysta. Sterk og klår i ein alder av 94
år! Og med ei innleving og formidlarevne som nokon kvar kunne ynskje å ha hatt.
Det som kjenneteiknar materialet etter Olav, er tradisjonsrikdomen, sogene,
tekstane og segnene han fortalde – og fortalde godt !!
Olav døydde hausten 2000, men lever vidare gjennom låttane, songstubbane
og segnene han var så glad i. ”Songen og musikken har vore heile mitt liv,” sa Olav.
Musikken etter han finst i dag i ulike folkemusikkarkiv. Ta i bruk dei opptaka!
Det var det høgaste ynsket Olav hadde. Minnet om Olavs venlege vesen og djupe
kjærleik til folketonane vil gjere det lettare å gje dei nytt liv.
Elisabeth Kværne
Låt o’ Link
Medlemsblad for Valdres Folkemusikklag
Nummer 1 mars 2004
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».