History
-
Framme frå venstre: Olav Kvålen, Olav Løvskeid, Olav Tjønntveit, Olav Orekåsa, Andres Rønningen, Halvor Skoe, ukjent, kanskje Gunnar Haugestøl, dei to siste veit me ikkje kven er.
I midten: Ukjent, ein frå Lia, Gunnar Tveitan, Knut Berge, Halvor Mæland, Halvor Tveitan, to ukjende, Kittil Rønningen og ukjent.
Bak: Torjus (Gutte) Gravjord, Halvor Bergestig, Olav Tveitan (Møbelhallen), tre ukjende, ein Verpekar eller Sveinung Øia, Einar Skoe, Torjus Gravjord (bror til Egil Gravjord), Olav Verpe (på Østigard Grave), to ukjende.Ved første augnekast ser ikkje dette bildet ut til å ha noko med idrett å gjera. Det har det likevel. Bildet er frå 1932, og viser Øvre Bø idrottslag som har teke pause i årsmøtet sitt. Av idrettslag i Bø fanst på denne tida forutan Skarphedin, også Bø idrettslag, som var tilslutta Arbeidernes idrettsforbund. På årsmøtet i 1932 drøfta karane vi ser på bildet, om dei skulle melde laget inn i Arbeidernes idrettsforbund. Det vart vedteke ikkje å gjere det. Seinare gjekk laget inn i Skarphedin.
Dette kan vi ikkje lese ut av bildet. Men vi kan sjå at det er eit eldre bilde. Hattar, sixpensar, frakkar og dressar signaliserer mellomkrigstid - som også den verslitne veggen til Øvre Bø handelslag gjer. Men kva gjer bildet til eit idrettsbilde? Svaret må bli oppstillinga på karane. Det er lagoppstillinga i fotball som er mønsteret bak den, her med ei kneståande rekke fremst og to rekker bak. Nokre av karane faldar armane over brystet, slik det ofte blir gjort på fotballbilde.
Vi kan også seie noko meir om dette bildet. Det er tydeleg eit amatørfoto. Karane har inga god plassering i forhold til hushjørne, trapp og dør. Fotografen har fått med ei klessnor som deler bildet i to på ein litt uheldig måte, og det stikk umotivert fram ei grein i øvre høgre hjørne. Han som sit på trappa, burde kanskje stå på kne som dei andre i fremste rekke, og Olav Kvaalen framme til venstre har ikkje teke pipa ut av munnen! Men dette er likevel noko av sjarmen ved bildet, det er litt uryddig og tilfeldig - som likevel har plass innafor ei ganske fast ramme. Det minner oss om at i 1932 var det ikkje så lenge ein hadde drive seriøst med fotball og annan idrett i Bø. Det var ikkje bare fotografen som var amatør - karane med handelsveggen i ryggen og sola i auga var amatørar dei også.Det hadde vore gjort noko idrottsarbeid i Øvre Bø alt ved hundreårsskiftet, men far t i sakene blei det ikkje før i 1921. Da tok dei der til å arrangera både skirenn og friidrettstevlingar, men interessa var likevel sterkast for fotball. Opparbeidd bane fekk laget aldri, så gutane laut nytte flate jordstykke, som laget leigde av bøndene. Best var Gravebana rett ved Gravir handelslag. Denne plassen var jamn og tørr, og her var det mange fotballkampar, mest mot lag ifrå grannebygdene. Under krigen låg arbeidet nede, men etter den tid var det stor aktivitet i laget. Men mange av ungdommane drog ut, og dei som var att, kunne lett koma ned til sentrum der tilhøva låg betre til rette. I 1949 var det slutt for Øvre Bø idrottslag.
Fotografering: 1932
Aksesjon: 1987
Classification
References
-
- LitteraturreferanseRovde, Olav: Bø-idretten gjennom hundre år. Idrettslaget Skarphedin 1891-1991, side 230-232
- LitteraturreferanseBøsoga 2, band 3, s. 675 om Tjønntveit
- LitteraturreferanseLunde, Gunnar: Sø-soga I, Kultursoga, side 401
- LitteraturreferanseBøsoga 2, band 3, s. 494, om Raudmyr-ætta.
License information
- License Copyright
Metadata
- Copies1 Positivkopi, Svart-hvit, Original1 Digitalt bilde, Svart-hvit, Sikkerhetskopi
- IdentifierBØBF.1987:5023
- Part of collectionBø museum
- Owner of collectionBø Museum
- InstitutionBø Museum
- Date publishedApril 29, 2016
- Date updatedJanuary 5, 2023
- DIMU-CODE021016400631
- UUIDdf393b00-a4b0-4ed2-ae9b-c3d3e00c255a
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».