History
-
På slutten av 1800-talet tok "byfolk" til å oppdage stulslivet og den flotte naturen på Lifjell. Det førte m.a. til at det kring 1880 blei bygd ei turisthytte på Gavlesjå av to frå Oslo, Winsnes og Rollsted.
Sonen til tidlegare prest i Bø, dr. Anders Daae, kjøpte Hollane på slutten av 1800-talet og bygde turisthytte der kring 1903. Hytta står framleis, men er mykje ombygd.
Mellom desse familiane blei det god kontakt i åra framover. Felles for desse familiane var at dei hadde bøheringen Sigurd A. Kultan (1858-1948) som kjentmann og fjellførar. Oslo-folka var tidleg ute som amatørfotografar, og gjennom bilda dei tok har vi ein god del dokumentasjon av livet dei levde i fjellheimen i desse åra.
Bildet viser Hollane og me ser f.v. ukjent person, Sigurs A. Kultan, advokar Rollsted med døtrene Inger og Hjørdis kring 1915-1920.Fotografering: 1915 - 1920
Classification
References
-
- LitteraturreferanseBøkalenderen 2005, august
License information
- License Public domain mark (CC pdm)
Metadata
- Copies1 Digitalt bilde, Svart-hvit, Sikkerhetskopi
- IdentifierBØBF.2004:148
- Part of collectionBø museum
- Owner of collectionBø Museum
- InstitutionBø Museum
- Date publishedApril 29, 2016
- Date updatedJanuary 5, 2023
- DIMU-CODE021016400712
- UUID74acce61-c1c4-400d-9ddb-4d78f60dd9a2
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».