History
-
Eierskap
EierBagn Bygdesamling- History
Bagn Bygdesamling
I 1920 vart det oppsett hus på tuftene etter gamletunet på garden Islandsmoen. Veslestabburet og Smettbakbua skulle danne utgangspunktet for det som seinare vart heitande Bagn Bygdesamling. Dei fyrste åra var dette eit privat gardsmuseum, der både hus og gjenstandar hadde tilknyting til folka på Islandsmoen. Etterkvart kom det til fleire gjenstandar frå andre stader i bygda, så då samlinga i 1939 vart gjeve til bygda var namnevalet naturleg.
Museet har i dag 16 hus med gardstun frå Islandsmoen, telthus frå Vangen på Bagn, og forpaktarbustad frå prestegarden i Bagn. Ei oppgangssag, bekkekvern, skogskoie, badstugu og stabbur står ved Islandselva. Sør for Islandselva fins ein naturstig med skogen som tema. Ei krigsminneutstilling i samband med krigshandlingane i Valdres 1940 er sett opp inne i administrasjonsbygningen. Opplandsarkivet har ei avdeling på museet med gamle arkiv frå lokale lag og foreiningar. Ei fotosamling på omlag 3500 bilete er òg oppbevara her. Bagn Bygdesamling ligg ved E-16, fem kilometer sør for Bagn sentrum i Sør-Aurdal kommune.
- Adresse,Norge Oppland Sør-Aurdal Valdres Valdresvegen 3250 2930 Bagn
- ProfessionMuseum
- DigitaltMuseumSearch in «Bagn Bygdesamling»
Fotografering
FotografUkjent Person- DigitaltMuseumSearch in «Ukjent Person»
- History
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Copies1 Positivkopi
- IdentifierBV 89-429
- Part of collectionBagn Bygdesamling
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionBagn Bygdesamling
- Date publishedDecember 9, 2016
- Date updatedJune 28, 2023
- DIMU-CODE021016811049
- UUIDd9d40fd2-f97c-400b-827e-f80472eb3f34
- Tags
1 comment
Hei.
Eg har lagt dette bildet ut på Fb-sida «Bunader i Valdres» og spurt etter opplysningar om "Fru Kirkesanger Syversen". Slektsgranskar Mona Dalen har funne ut følgjande:
Arne Syversen (kirkesanger) 60 år gift 25. november 1848 med enkje Anne Gulliksdatter Bang 50 år. Ho døydde på Klokkarmoen 26. september 1872. Anne Gulliksdatter vart døypt 8. juli 1798 i Bagn. Foreldra var Gullik Jøgersen og Anne Olsdotter, husmenn med jord på garden Bagn. Ho var gift fyrste gong i 1843 m Ole Steingrimsen på Gjestgjevarhaugen 1777–1847.
Arne Syversen kirkesanger, død 6. januar 1857, 69 år og 1 mnd gamal. Busett på Klokkarmoen. Arne Syversen vart døypt i Bagn 1. januar 1788. Foreldra var Syver Arnesen og Anne Mikkelsdatter Dølven.
Helge Gudheim, April 21, 2023
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».