Salong. 2-seter, 3-seter og lenestol.
Foto og produksjonsår: 1974.
Produsert av Gjerde Trevarefabrikk.
Gjerde Trevarefabrikk AS vart sett i gong i 1938 av Josef Gjerde og heldt ti ...
Salong. 2-seter, 3-seter og lenestol.
Foto og produksjonsår: 1974.
Produsert av Gjerde Trevarefabrikk.
Gjerde Trevarefabrikk AS vart sett i gong i 1938 av Josef Gjerde og heldt til i bustadkjellaren til Kjell Gjerde på Jarnes i Sykkylven. Tanken var først å lage treski, seinare klosettsete, men bedrifta gjekk seinare over til å produsere treverk for møbelbedriftene. Under krigen lagde dei også salongbord i finert materiale.
I 1953 vart namnet endra til Gjerde Møbler AS og i 1955 var det rundt 20 tilsette. Konrad Gjerde la sitt firma under bedrifta og dei starta med glasfiberproduksjon, men Gjerde Fabrikker AS heldt fram med å produsere salongar fram til J.E. Ekornes Fabrikker kkjøpte opp bedrifta i 1976.
Veneforeininga for Norsk Møbelfaglig Senter tok initiativ til å sikre fotoarkivet etter fotograf P.P.Lyshol, som hadde sitt virke i Sykkylven frå 1930-åra. Den vart kjøpt opp av Veneforeininga og gitt til Norsk Møbelfaglig Senter som no er juridisk eigar.