Soveromsmøblement. Seng, nattbord, kommode med speil og krakk.
Soveromsmøblement med dobbeltseng, nattbord, kommode med speil/sminkebord og krakk. Senga er sett saman av to enkeltsenger.
Produsert av Brødrene Hole.
Br. Hole møbelfabrikk i Syk ...
Soveromsmøblement med dobbeltseng, nattbord, kommode med speil/sminkebord og krakk. Senga er sett saman av to enkeltsenger.
Produsert av Brødrene Hole.
Br. Hole møbelfabrikk i Sykkylven vart starta av brørne Olav og Bodvar Hole i 1941. Dei laga utskorne lampettar, lysekroner, bokreolar, trebollar, salongbord, kafé- og kjøkkenbord. Bedrifta hadde ti tilsette på det meste.
Veneforeininga for Norsk Møbelfaglig Senter tok initiativ til å sikre fotoarkivet etter fotograf P.P.Lyshol, som hadde sitt virke i Sykkylven frå 1930-åra. Den vart kjøpt opp av Veneforeininga og gitt til Norsk Møbelfaglig Senter som no er juridisk eigar.