Photographer
History
-
Anna Mathisen f.Hovde, var politikar, kvinneaktivist og næringsdrivande sosialist. I ettertid har Anna Mathisen fått ein nesten legendarisk status i Odda fordi ho ein gong oppfordra medsøstrene sine til sex-nekt når dei kom heim frå møte. Ho såg at kvinner var ei utsett gruppe med svak økonomi og store ungeflokkar, ofte mot sin vilje.Ho reiste seg opp på møtet i kvinneforeininga og sa: "Når dere forlater møtesalen, så skal dere gå hjem og nekte å ligge med mennen deres". Og dei så gjorde. Mennene blei sinte og etter diskusjon gjekk dei i demonstrasjonstog. Anna sto i vindauget og såg på dei. "Jeg måtte jo se hvem som gikk i toget", fortalde ho etterpå. Arbeidarkvinna sine kår var ei av hjartesakene hennar, hovudinteressene var politikken og litteraturen. Kvinneforeininga i Odda arbeiderparti oppretta utlånsbibliotek for medlemene og Anna hadde ansvar for det. Ho oppfordra andre til å lesa og gjorde mykje for å leggja til rette for det. Anna var svært aktiv som medlem av Odda Arbeiderparti og Odda Arbeiderpartis Kvinneforening. Ho var vald inn som kommunestyre-representant frå 1923. Då partiet delte seg mellom kommunistar og sosialdemokratar i 1923, gjekk Anna med det sosialdemokratiske mindretalet og danna Odda herreds arbeiderparti og Odda forenede arbeiderpartis kvinneforening, seinare Odda Arbeiderkvinnelag. Anna Mathisen blei pådrivar og formann i mødrehygienekomitéen i 1932 og seinare var ho leiar i styret.
Anna vaks opp i eit politisk miljø i Vardø, Finnmark, og var i USA før ho kom til Odda i 1907. Ho og mannen Johan Mathisen, som kom frå Senja, dreiv fiskehandel i ei lita bu i Brotateigen. Dei var altså sjølvstendig næringsdrivande i liten skala. Dei leigde bustad i Hovlandhuset og i Kremarvegen.
Fotografering
- FotografEngvig, Johan Konrad (1850 - 1918)sikker
License information
Metadata
- IdentifierI-09730
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedFebruary 7, 2018
- Date updatedSeptember 29, 2023
- DIMU-CODE021017445519
- UUIDc3e771f8-80a5-4b69-b75d-6313f5a49c3e
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».