Frå føraren på Valdres Folkemuseum (2012):
"Bygning frå Sørre Røgne. Sørre Røgne, gnr. 44, bnr. 1, var frå gamalt ein sentral gard i Øystre Slidre. Fram til 1726 var han ein av dei ...
Frå føraren på Valdres Folkemuseum (2012):
"Bygning frå Sørre Røgne. Sørre Røgne, gnr. 44, bnr. 1, var frå gamalt ein sentral gard i Øystre Slidre. Fram til 1726 var han ein av dei utlagde kompanigardane i Valdres. Seinare var Sørre Røgne lensmannsgard og skysstasjon. Bygningen skal vera sett opp i perioden 1670–80. Då var det Johan Reinert som var kaptein til garden. På 1700-talet vart det vanleg å byggje hus i to høgder. Andre høgda hadde ofte ei anna planløysing enn fyrste, med to om lag like store rom og med dør inn frå svala til kvart av dei. Røgnebygningen var opphavleg utan bordkledning og med sval langs heile langsida. På 1800-talet tok ein til å bordkle husa etter klassisistiske førebilete med glatte veggflater, søyler og tempelmotiv. Svala endra seg på denne tida, og ein gjekk over frå langsval (raust fylgjer hovudtaket) til nasasval (raust motsett hovudtaket). Røgnebygningen vart oppsett på Valdres Folkemuseum i 1923. Då valde ein å rekonstruere den gamle langsvala. Bygningen slik han framstår i dag, syner difor både eit klassisistisk 1800-talseksteriør og ei eldre, tradisjonell langsval."
Frå Knut Hermundstad handskrevne "Husbok for Valdres Folkemuseum" (1950-talet):
"Rognebygningen er frå Rogne sokn i Øystre Slidre nett som Skattebustogo. Huset var kjøpt 28. oktober 1917 for kr 1.000,- Men fyrst hausten 1920 kunne formann i Valdres Bygdesamling melde at huset var køyrt til museet. Det stod då på Sørre Rogne g.nr. 44, bnr. 1, synst i tunet. Han som selde var Ola Knutsson Rogne. Tradisjonen fortel at det var to kvinner som fekk bygd dette huset. Tømmeret hadde dei teke på eit jorde som i dag heiter Smiuåkeren. Tidspunktet for bygginga er ikkje så lett å slå fast heilt eksakt, mange trur at det skal vera sett opp 1670-80. Ein del byggjeelement, mellom anna vindaugo, tyder på at bygningen er sett opp kring 1700. På den tid var det vanleg med tømmerbygningar utan panel, men med langsval, kamfør bygningane frå Hafton og Prestøy. Utpå 1800-talet tok ein til å bordkle husa. Samstundes gjekk ein frå sval som var rausta med hovudtaket til nasasval, rausta motsett frå hovudtaket. Byggmeister Eriksson satt opp huset oppatt på museet i 1923 og bygningen frå Rogne slik han er i dag, blir ein mellomting mellom 1800-talsutsjånad på huskroppen, men med ei eldre langsval. Saka er kan hende den at dei som sette opp att bygningen, ville føra han attende til byggjetida med å setja på ei langsval. Sørre Rogne var frå gamalt ein av dei gjevaste gardane i Øystre Slidre. Då bygningen vart sett opp åtte staten garden Rogne som då var kapteinsgard. Kapteinane i 4. kompani av Opplandske regiment hadde innkoma av garden. Ved 1670-80 var kaptein Johan Reinert der og 1712-20 er kaptein Anthon Jacob de Coucheron nemnd. Båe desse budde på Rogne, og der var vel grunnen til at det vart sett opp så mange flotte hus der. Etter 1726 var Sørre Rogne både lensmannsgard og seinare skyss-stasjon. Mange gjeve folk har budd i Rognebygningen. Såleis er det sagt at både Åsmund Olavsson Vinje, Hagbart Bernet [jurist, politiker og forfattar] og Ernst Sars låg her når dei skulle til fjells - til Eidsbugarden. Bygningen har akershusisk planløysing i fyrste høgda og to nokolunde like store rom i andre høgda. Døra mellom romma i andre høgda er rosemåla av Torstein Engen. Han var fødd i 1805 og reiste i ung alder til Bergen for å gå i målarlære. Fleire retningar prega målinga hans, men han tok etterkvart i bruk motiv som er typisk for Valdres, t.d. symmetrisk arrangerte blomegrupper i stil etter Ola Hermundsson Berge, og dei velkjende "kinesiske" trelandskapa. Ikkje sjeldan nytta han fleire ulike stilformer på sama skåpet. Torstein Engen var utan tvil ein stor kunstnar og det er registrert meir enn 30 ting etter han. Det har ikkje lukkast å finne dødsårete hans, men truleg var det i tidsrommet 1870-74."
Frå arkitekt MNAL K. Sukke: "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2 (1964):
"Rognebygningen er eit 2-høgda panelt laftehus som har vore lennsmannsbustad. Garden har og vore kapteinsgard og skysstasjon. Uppåstøgo har hatt fint sperretak. Stova har den vanlege [akershusiske] planløysinga. Mellom vindauga på gavlveggen har klokka sin vanlege plass. Mellom klokka og senga står ein dragbenk. Opninga mot klæven er stor og utan dør. Ei slind går frå gavlveggen til veggen over opninga og står oppunder takbjelkane. Veggen i klæven er panelt. Det fine profilerte panelet og listverket og dei godt tilvegne detaljane er eit kriterium på ei framragande handverkstradisjon. Bordet er laga av ein planke. Glaset i vindauga er grønt av farge og har struktur som i moderne "kunstglas". Det er blyvindauga i klævegavlen. Trappa har stusstrinn. Det er stor peis med sup og peisvinde. Peisen har her som vanleg ei hylle av tre."
Harald Hvattum "Valdres Folkemuseum 1901-2001" (2001):
"Sørre Røgne var frå gammalt ein av dei gjevaste gardane i Øystre Slidre. Garden var ein av dei utlagde kompanigardane i Valdres fram til 1726. Kompanisjefane budde ikkje på garden, men dei hadde alle leigeinntektene av han."
Frå innberetning om Valdres Bygdesamling til Riksantikvaren frå kunsthistoriker Domenico Erdmann av 22. august 1922, under 413 i Valdres Folkemuseum sitt husarkiv (kopi frå arkivet til Riksantikvaren. Illustrasjonane manglar i V.F.s arkiv):
"Rognestuen, som er under opførelse, er av samme type med samme listverk og tildels samme farver som Skattebostuen, der oprindelig er nabogaard til denne. Den ene dør er med det pudsige nøkleskilt (tgn. 5) har i småfyldingerne diagonal stripet marmoering, men i midtfyldingen småvirvlet mønster maarmor - likesom Skattebo jordrøde rammer og grønnblaa fyldinger med sorte tegninger. På nogen av stakkene findes 3 lag maling, der sandsynligvis tilhører storstuen. Det underste lag er blekblaat, derover lysgrønt og ytterst lilla. Disse 3 farver kan betegne Louisseize empire-Biedermeyer og pseudorokako, men den blaa er antagelig fra ca 1810, den grønne ca 1830 og den lilla fra [19]50-60 årene."
Frå eit udatert usignert skriv i 41 Røgnebygningen i husarkivet på Valdres Folkemuseum:
"Då bygningen vart flytt til museet, vart den raudmåla kledningen teken av og kledd med ny, samstundes vart svalgangen ført tilbake til det ein trur huset hadde frå starten."
Valdres Folkemuseum vart stifta i den nasjonale rusen omkring hundreårsskiftet, 10. mars 1901. Det var den utflytte valdrisen Nils K. Ødegaard som tok til orde for at Valdres måtte få eit offentleg museum. Bak stiftinga låg ideen om kva styrkt medvit om fortida kunne få å seie for framtida åt folk i Valdres.
I 1905 kjøpte museet Handeloftet frå garden Hande i Vestre Slidre. I mai 1906 vart Valdreshaugen (ei tre mål stor tomt) kjøpt frå Nes gard. Her kom Handeloftet opp. I 1917 selde museet Valdreshaugen og kjøpte 18,5 mål ute på Storøya. Sidan har dette vore tilhaldsstad for Valdres Folkemuseum.
Heim for 100 bygningar og anlegg
Valdres Folkemuseum er eit av dei største friluftsmusea i Noreg. Det er 100 hus og anlegg innanfor skigarden på museet. Mellomalderloftet frå Uppigard Høve er det eldste (frå før 1350) ikkje-kyrkjelege trehuset i Valdres i dag og vart oppsett på museet i 1946-1947. Museet har eit flott stølsområde. Her står stølshus frå 1700-talet og Tvengestølen frå 1948. Denne stølen vart oppsett på museet i 1998.
Samlingane på Valdres Folkemuseum teller 25 000 gjenstandar. Her er landets eldste lokale folkemusikkarkiv med over 12 000 enkeltspor med musikk og song. Museet sitt fotoarkiv teller 75 000 bilete. Opplandsarkivet har ei avdeling her med om lag 600 ulike papirarkiv. Valdres Folkemuseum har eit studiesenter og ein instrumentverkstad med produksjon av langeleikar, hardingfeler og strenger. Valdres Folkemuseum er eigd av dei seks Valdres-kommunane.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».