Biletet er frå bruk 4 på Time nedre, Volden eller Moldhaug som ein gjerne seier. Bruket er nå gått inn i bnr.7. Biletet er teke mot vest. Mannen på "velta"/tromla er Reidar Eiliv Time (21.11.1943 - ). Hestane heitte Runa og Åsill. Dei er mor og dotter og begge har første premie. Bygningane vart rivne ca 1980 og de er dyrka jord der nå (2006). Biletet er registrert tidlegare som 2002.3TIM26.001
Photo:
Time, Tor
/
Jærmuseet