Frå føraren på Valdres Folkemuseum (2012):
"Bygning frå garden Brenn, gnr. 106, bnr. 45, i Nord-Aurdal. Bygd ikring 1740. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1946. Bygning i to høgder ...
Frå føraren på Valdres Folkemuseum (2012):
"Bygning frå garden Brenn, gnr. 106, bnr. 45, i Nord-Aurdal. Bygd ikring 1740. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1946. Bygning i to høgder med innekledd sval. I fyrste høgda er det tradisjonell innreiing, men døra er plassert slik at det ikkje er plass til fatskåpet. Sal med innebygde senger i andre høgda. Her var det òg eit stabbursrom."
Frå Knut Hermundstads handskrevne Husbok for Valdres Folkemuseum (1940/50-talet):
"På eit styremøte den 10.10.1944 vart Ola Lo og Knut Hermundstad valde til å kjøpe Brenn-bygningen på Åbjør i Nord-Aurdal til museet. Kjøpet vart godkjent 28.10.45. Like etter krigen sette museet byggemeister Erik Anderssen til å flytta og setja huset oppatt. Det var ferdig i 1946. Museet gav 1100 kr. for huset. Bygningen er truleg frå ikr. 1700. Han vart ikr. 1950 tekt med eternitt. Dette arbeidet gjorde Einar Bråten. Han stelte og på troppi opp i andre høgdi, så det ikkje vart livsfarleg å gå ho. Vidare sette han på eit gongjarn på utdøri i stil med det andre. Dette er no eit gildt museumshus. (...) Bygningen stod på Brenn g.nr. 105, br. nr. 45 i Nord-Aurdal. I fyrste høgdi er stogo, framme med ein kleve. Fra gangen går ei delt tropp opp i 2. høgdi. Gjevaste rommet her var oppåstogo med himmelsenga og innbygde kledesskåp. Til høgre nå ein kjem opp, går døri inn på eit kledes- og matloft."
Frå arkitekt MNAL K. Sukke: "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2 (1964):
"I Brennbygningen frå Åbjør i Nord-Aurdal finn vi ein ny variant [av den akershusiske byggestilen]. Her er ingen svalgang. Første høgda er slik vi vart kjende med ho i Hålistova, berre at her får vi inn 2 nye ting: eit vindauge til på fremre angveggen og ovnen i klæven. Trappa går her opp frå forstova. I andre høgda har vi oppåstøge over stova og stabbur over klæven. 1. høgda har vekselpanel i taket. Nova er rutenov, eller noko meir skrådd (hesthovudnov). Huset er truleg frå ikring 1740. Vindauga har profilerte gerikter både innvendig og utvendig. Desse manglar dryppnase."
Frå notat gjort av Monica Paasche etter samtale med Ola, Kaare og Gunnar Brenn - den første vokste opp der, de to siste er brødre og besøkte besteforeldrene mye som små (aug. 1997):
"I gangen hang fiskenett og våpen i den tida av året slikt redskap var i bruk. Benken som står der nå, har også stått der tidligere. STUA: Til venstre for døren sto en benke med hyller som gav plass til gryter. Dessuten sto en bøtte med vann der. Benken hadde ikke dører, men et stofforheng festet med hyssing. Framskapet hadde sin plass der det står nå, men det var noe usikkerhet om det var dette eller et liknende skap som sto der tidligere. Hengehylla over bordet var i bruk i Gunnar og Kaares barndom. Bestemora satte bl.a. opp mat og fatet med flatbrød der etter måltidene. Bestefar satte spiseskjeen sin inn i en sprekk i veggen. Det ble servert mye fisk på Brenn i gamle dager. Flatbrød med smør sto på bordet og fisken ble lagt mellom 2 flatbrødbiter med smør på. Slik sparte man seg mye oppvask. Det var sannsynligvis en hylle på veggen over benken bak bordet. Brødrene Brenn mener at hylla er lik oden som er festet over klevedøra. Dessuten sto en slagbenk framfor vinduene. Klokka som er plassert der nå, hørte ikke til der tidligere. Benken ved siden av peisen hører til den originale innredningen. Den har stått på samme blassen og ble brukt til ved. Det er tydelige merker etter et hjørneskap (eller lignende) i roa der sengen står, men ingen av de tilstedeværende kunne huske om det fantes et skap der i deres barndom. I peisen sto en svart komfyr og bak den lå en smågris (smågriser) i en kasse. Mellom klevedørene hadde separatoren sin plass. I golvet i stua var en liten åpning. Herfra ble potetene helt rett ned i potetbingen i kjelleren. I en av vinduskarmene mot sør fantes solmerker (streker) slik at man kunne se hvor mye klokka var. Huset står speilvendt nå i forhold til sin plassering på gården Brenn. Brødrene Brenn kunne ikke finne igjen det gamle solmerket. KLEVEN: Kjellerlemmen var i kleven. Nyinnfelte planker viser hvor åpningen har vært tidligere. Etasjeovnen har stått på samme sted som nå. Klokka og dreiebenken har ikke stått på gården såvidt man kunne huske, men opprinnelig sto 2 senger i kleven. Dessuten ble rommet brukt til husflidsarbeid mm. LOFTET: På loftet, mellom skapsengene, sto et bord med en diger grammofon. Dessuten ble det oppbevart flere feler og langeleiker der. Familiemedlemmene var glade i musikk og nesten alle kunne spille på et instrument. ANDRE MINNER: Dessuten var folket på gården ivrige fiskere og jegere. Det betydde et kjærkomment tilskudd til husholdningen. Var det mindre enn mellom 10 og 20 kg fisk å få på en kveld, syntes man at resultatet var dårlig. Brødrene Brenn ble fortalt: "Når det ikke fantes en brødsmule igjen om kvelden, sto bestemora opp ved tre-fire tida om morgenen for å bake og ha mat til frokost og skoleniste til barna."
Valdres Folkemuseum vart stifta i den nasjonale rusen omkring hundreårsskiftet, 10. mars 1901. Det var den utflytte valdrisen Nils K. Ødegaard som tok til orde for at Valdres måtte få eit offentleg museum. Bak stiftinga låg ideen om kva styrkt medvit om fortida kunne få å seie for framtida åt folk i Valdres.
I 1905 kjøpte museet Handeloftet frå garden Hande i Vestre Slidre. I mai 1906 vart Valdreshaugen (ei tre mål stor tomt) kjøpt frå Nes gard. Her kom Handeloftet opp. I 1917 selde museet Valdreshaugen og kjøpte 18,5 mål ute på Storøya. Sidan har dette vore tilhaldsstad for Valdres Folkemuseum.
Heim for 100 bygningar og anlegg
Valdres Folkemuseum er eit av dei største friluftsmusea i Noreg. Det er 100 hus og anlegg innanfor skigarden på museet. Mellomalderloftet frå Uppigard Høve er det eldste (frå før 1350) ikkje-kyrkjelege trehuset i Valdres i dag og vart oppsett på museet i 1946-1947. Museet har eit flott stølsområde. Her står stølshus frå 1700-talet og Tvengestølen frå 1948. Denne stølen vart oppsett på museet i 1998.
Samlingane på Valdres Folkemuseum teller 25 000 gjenstandar. Her er landets eldste lokale folkemusikkarkiv med over 12 000 enkeltspor med musikk og song. Museet sitt fotoarkiv teller 75 000 bilete. Opplandsarkivet har ei avdeling her med om lag 600 ulike papirarkiv. Valdres Folkemuseum har eit studiesenter og ein instrumentverkstad med produksjon av langeleikar, hardingfeler og strenger. Valdres Folkemuseum er eigd av dei seks Valdres-kommunane.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».