Frå føraren til Valdres Folkemuseum (2012):
"Loft frå garden Midtre Hande, gnr. 48, bnr. 1, i Vestre Slidre. Bygd ikring midten av 1600-talet, truleg på garden Øvre Hande (gnr. 49, ...
Frå føraren til Valdres Folkemuseum (2012):
"Loft frå garden Midtre Hande, gnr. 48, bnr. 1, i Vestre Slidre. Bygd ikring midten av 1600-talet, truleg på garden Øvre Hande (gnr. 49, bnr. 1). Tradisjonen vil ha det til at loftet er bygd ei tid etter 30-årskrigen. Segna fortel at ein gut frå Hande var med i felttoget som Kristian 4. hadde i Tyskland i 1620-åra. Guten vart teken til fange, men greidde til slutt å rømme. Etter at han kom heim, bygde han dette loftet. Loftet var den fyrste bygningen på museet, innkjøpt for kr. 1.000,- i 1905, og vart flytt til noverande tomt i 1923. Bygningen er eit langloft med to rom i kvar høgd og med svalgang i andre høgda. I fyrste høgda er det matbuer og nedgang til kjellar. Etter tradisjonen skal det ha vore fangehol under loftet den tida Øvre Hande var lensmannsgard, frå 1717 til 1724. Soveloftet i andre høgda skal ei tid ha vore brukt som tingstad, og i rommet til høgre oppbevarde dei kister og tekstilar."
Frå Knut Hermundstad handskrevne "Husbok for Valdres Folkemuseum" (1950-talet):
"Hande-løfte selde Ola O. Hande på øvre Hande g.nr. 9, b.nr. 1 i V. Slidre til folkehøgskulestyrar Ola E. Bø for kr. 1000 i 1905. Det var då med noko innbu. Ungdomslag og andre gav pengar til dette. Huset vart flytt ved dugnad 7. juni 1906. 20 bønder frå Ø.S., V.S og N.A. køyrte 23 lass. Huset vart sett opp på "Valdreshaugen" nær der Folkvang er no, på ei tomt O.E. Bø hadde kjøpt av Syver Nes. Ho var på 3 mål. Den 4. mars 1917 var det styremøte i Valdres Bygdesamling. Det vart då kjøpt 18,5 mål ny tomtejord av tannlækjar Kjær av Vestre Nes. I 1923 er Handeløftet flytt til den nye tomti. Huset skal vera tømra i 1358. Det er sikkert gale. Fagfolk trur ikkje det er eldre enn 1500. Det sto på øvre Hande i V.S. Eilert Sundt har skrivi om det i 1861 at det er eit sers vel i frå seg gjordt hus. Den tid huset sto på Hande, hadde det kjellar og peis. Dei trur at det var fangerom i kjellaren. I fyrste høgdi stod kornbørar, vevreidor o.a. reiskap. I andre høgdi er det svalgang på 3 sider. Sørre rommet var gjesterom, gildesal og tingsal, for det var gamal tingstad på Hande. I nordre rommet hekk våpen, klede, ridesalar, teppe og så var det rom for kjøt og mjøl. Her var det og sengerom om det trongst. Sjå elles "Valdres Folkemuseum i 50 år". I 1912 skreiv Anders Skrede, Vågåmo, som var i Valdres og katalogiserte samlingane på museet dette i "Decoraposten", opptek i "Valdres" 12. årg: "Handeloftet er eit uvanleg stileg hus med to stokkverk. Under er det to buer til maten, og oppå er det to loft, det eine til klede og det andre til gjesterom. På tre sider av øvre stokkverk er det svalgang. Huset er bygt av rundt tømmer. Det er etter segni får tidi ikr. 30 års krigen. Segni seier at ein gut frå Hande var med i toget til Kristian d. 4. til Tyskland. Han vart fanga under krigen og sat i fengsel i Tyskland i mange år. Men Handeguten rømde i rette tid og kom heim så tidleg at fikk ha den han hadde kåra seg ut. Han bygde så Handeloftet. Endå står det i loftet eit av dei gamle blyvindaugo og midt i glaset er det måla ei rute med bilete av eit ryttar frå tredveårskrigen. Er segnet sant, skal huset vera får ikr. 1640."
Frå arkitekt MNAL K. Sukke: "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2 (1964):
"Eit hus fullt av interessante detaljer er Handeløftet frå V. Slidre. Loftet har 2 matbuer i første høgda. I andre høgda er det og to rom, eitt til klær, mjøl og kjøtt, og det andre til gjesterom, og ei tid tingrom. Det er merke etter peis i dette romet. Det er svalgang i gavlen i andre høgda, forutan eit stykke etter dei tilstøytande langveggane. Svalgangen hadde både ein estetisk og praktisk verdi. Kontrasten mellom den lette svalgangskonstruksjonen som kastar djupe skuggar på det tyngre relieff i tømmerveggen var flatterande. Ved å halde på den naturlege runding av tømmeret under svalgangen, vart kontrasten enda større. Slik som svalgangen er lagt her, som ein krans rundt lagringsroma, er det tydeleg at ein har freista å verja roma mot påverknad av sol og varme. Utanfor svalgangen har veggane flattelgt tømmer. Nova er hesthovudnov. Nov av anna form enn stokkane tok til i 1500-åra. Taket har stor mønsås og sperrer. Taket er never- og torvtekt. Golvet i svalgangen er laga av breie tilhogde plankar opp til 52 cm. breie. Dørene har kraftige blindbeitskier. Utetter 1600-åra, eller noko før, var stokkbeitskiene, som vi vart kjent med ved Hovistabburet, avløyst av blindbeitski. Blindbeitskia er felt inn i not i stokkendane i døropninga. Dørene har blodkors. Berre gjesteromet i 2. høgda har vindauger. Dei har blyinnfatning. Handeløftet er eit sermerkt produkt i byggjeskikken i Valdres, som ein kan leite lenge for å finne maken til. Huset ber preg av ein 2-høgda stovebygning sett frå ei lei. Frå motsett lei ber det preg av loft. Ein har elles døme på det andre stader og, at det ikkje er noko skarpt skille mellom loft og stove, korkje i utforming eller bruk av dei. Loft av denne typen vart kalla langloft."
O.E. Bø skriv i "Valdres" torsdag 1909:
"I desember 1905 lukkast det endeleg etter års strev å få kjøpt Handestogo i Vestre Slidre, ei bu med loft frå ikr. 1530, so vidt eg veit, eldste gardshuset i Valdres. Dr. Harry Fett segjer at det er eit av dei eldste og mest sermerkeste hus i landet. Sumaren 1906 vart bui med gode folks hjelp flytt til Fagernes, der Syver Nes hev selt oss tre mål jord til tufter for samlingi. Noer det da tredje sumaren Handestogo er opi for folk. Marit Jonsrud frå Øystre Slidre hev vore den som hev synt folk rundt i samlingane, og lokka folk til husa med det fagre langeleikspelet sitt."
Frå innberetning om Valdres Bygdesamling til Riksantikvaren frå kunsthistoriker Domenico Erdmann av 22. august 1922, under 413 i Valdres Folkemuseums husarkiv (kopi frå arkivet til Riksantikvaren. Illustrasjonane manglar i V.F.s arkiv):
"Den betydeligste bygning [ved Valdres Bygdesamling] er Handeloftet. Flere stabbur fra samme tid og sted, men bedre bevaret, har man fremdeles i v. Slidre, blant annet Jarstad (se foto) og ved Ulnes (Rudlang) samt øvre Magistad nu paa Fosheim sæter. Bygningen er ikke komplet. Svalgangens brystningsstaver mangler, men der findes et par som viser jøvlprofil og dimensioner (se tegning). Værre er det at den ene langvæg i 2det stokverk er ganske ødelagt langs tvervæggens nav. som netop skulde binde bygningen. Paa dette sted har der nemlig været hjørnepeis (i det 2det stokverk) og dette murverk har foraarsaget stadig tilstig av fugtighet og vand saa at tømmeret er raatnet tvers av. Langvæggen paa dette sted er altså adskilt i 2 dele uten forbindelse med tverlavtet i midte. Et jernanker er vistnok nødvendig for at sikre bygverket. Opgangen til loftet har ikke været uten svalen med ved en fritrap utenfor gavlsvalen, hvor den hulslitte dørstak endnu viser indgangen. Per Berge husker godt denne primitive anordning, som bedst illustreres ved en skraastillet stige mot en væg. Indredningen i peisestuen er senere end loftet. Dørenes gangjern har et senmiddelaldersk præg hvorimot nøkleskiltet er barakt (se tegning 2). Tømmeret er ikke impregneret hverken før eller efter opsætningen. En blanding av tretjære og linolje er særdeles anvendelig til dette øiemed, med bør helst benyttes før St.Hans."
Valdres Folkemuseum vart stifta i den nasjonale rusen omkring hundreårsskiftet, 10. mars 1901. Det var den utflytte valdrisen Nils K. Ødegaard som tok til orde for at Valdres måtte få eit offentleg museum. Bak stiftinga låg ideen om kva styrkt medvit om fortida kunne få å seie for framtida åt folk i Valdres.
I 1905 kjøpte museet Handeloftet frå garden Hande i Vestre Slidre. I mai 1906 vart Valdreshaugen (ei tre mål stor tomt) kjøpt frå Nes gard. Her kom Handeloftet opp. I 1917 selde museet Valdreshaugen og kjøpte 18,5 mål ute på Storøya. Sidan har dette vore tilhaldsstad for Valdres Folkemuseum.
Heim for 100 bygningar og anlegg
Valdres Folkemuseum er eit av dei største friluftsmusea i Noreg. Det er 100 hus og anlegg innanfor skigarden på museet. Mellomalderloftet frå Uppigard Høve er det eldste (frå før 1350) ikkje-kyrkjelege trehuset i Valdres i dag og vart oppsett på museet i 1946-1947. Museet har eit flott stølsområde. Her står stølshus frå 1700-talet og Tvengestølen frå 1948. Denne stølen vart oppsett på museet i 1998.
Samlingane på Valdres Folkemuseum teller 25 000 gjenstandar. Her er landets eldste lokale folkemusikkarkiv med over 12 000 enkeltspor med musikk og song. Museet sitt fotoarkiv teller 75 000 bilete. Opplandsarkivet har ei avdeling her med om lag 600 ulike papirarkiv. Valdres Folkemuseum har eit studiesenter og ein instrumentverkstad med produksjon av langeleikar, hardingfeler og strenger. Valdres Folkemuseum er eigd av dei seks Valdres-kommunane.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».