Frå føraren på Valdres Folkemuseum (2012):
"Skysstasjon frå Nystøga, gnr. 1, bnr. 1, på Filefjell i Vang. Eldste delen skal vera frå 1760-åra. Ombygd fleire gonger. På Nystøgun har ...
Frå føraren på Valdres Folkemuseum (2012):
"Skysstasjon frå Nystøga, gnr. 1, bnr. 1, på Filefjell i Vang. Eldste delen skal vera frå 1760-åra. Ombygd fleire gonger. På Nystøgun har det i rekkjefylgje vore fjellstove, gjestgjevarstad, skysstasjon og hotell frå midten av 1600-talet og fram til i dag. Det trongst mange hus på dei største skysstasjonane. Sist på 1800-talet var det fem bygningar på Nystøgun. Bygningen som museet har i dag, stod i midten og vart difor kalla Midtgarden. I 1954 vart bygningen teken ned og gjeven til Valdres Folkemuseum. Fire år seinare vart dei andre gamle bygningane på Nystøgun øydelagde av brann."
Frå Knut Hermundstad handskrevne "Husbok for Valdres Folkemuseum" (1950-talet):
"(...) Midtgardsbygningen er omlag 12,2 m lang og 5,2 m brei. I 1. høgd er det ei stor stove. Frå denne går ei dør inn i vasskleven, der det er peis. Jamsides vaskekleven er ein innebygd gang med dør inn i stova og så ei trapp opp i andre høgdi. Frå gangen går det ei dør inn i eit soverom. Jamsides soveromet er gang inn på vasskleven. Denne gangen er laga til i nyare tid då tilbygget vart sett attåt. Frå gamalt gjekk utgangen frå vasskleven, som òg var kjøkken med peis, ut gjennom ei nasasval. Dette synes på gamle bilete, såleis på s. 41 i Valdres Bygdebok II. Det midtre huset her er Migardsbygningen. (...) Frå hovudinngangen i fyrste høgd kjem ein opp trappi oppå støgogangen. Herifrå går det tre dører, ein inn på sjølve uppåstøga. Dei kalla det òg midgardssalen. På båe sider var det skråhimling. Eit vakkert rom med gamle dør- og glaslister og gamalt golv! Rett mot inngangsdøri til uppåstøga gjekk ei dør inn på nøre soverom med gamalt låstverk og gamalt golv og panel. Midt mellom desse rom var midtre soveromet. Dette er no den einaste gamle bygning som er att av Nystoga. Huset er bygt i fyrsten av 1800-talet. (...) I stoga i 1. høgd er det 4 firkanta åsar og så er det måla frisor etter taket. Dette rom er inne og utanpå bordkledde med handhøvla og ulike breie bord. Dørene har gamle gjenge og gamle dørlister.
Frå Harald Hvattum "Valdres Folkemuseum 1901-2001" (2001):
"På Nystøgun har det i rekkjefølgje vore fjellstogo, gjestgivarstad, skyss-stasjon og hotell frå midten av 1600-talet og fram til i dag. Det trongst mange hus på dei største skyss-stasjonane. Sist på 1800-talet var det fem bygningar på Nystøgun. Bygningen som museet har i dag, stod i midten og vart difor kalla "Mikkgarden" (Midtgarden). Dei andre bygningane på skyss-stasjonen var Peisestøga, Raudstøga, Hotellbygningen og ein bygning som ikkje hadde noko spesielt namn. Mikkgardsbygningen var teken ned og gjeven til museet i 1954. Fire år seinare vart dei andre gamle bygningane på Nystøgun øydelagde av brann."
Om skysstasjonsordninga: Sjå Harald Hvattum: På gamle vegar i Valdres: vegbygging, vegvedlikehald og vegstyring i Valdres fram til slutten av 1800-talet (1993).
I 1956 vart Knut Nystuen gjort til æresmedlem av Valdres Folkemuseum.
Frå Norsk Folkemuseum sine registreringar på digitaltmuseum.no:
"Fra Nystuen hotells sine hjemmesider 2004: Nystuen var opprinnelig en fjellgard og stedet har tradisjoner tilbake til 1600 tallet som skysstasjon og fjellstue for reisende over Filefjell. Det går mange historier og sagn om Nystuen i den sammenheng. En av de større bygningene på Nystuen ble i 1956 tatt ned og fraktet til Valdres Folkemuseum. Den er vel tatt vare på der. I samme tidsrom ble gårdsdriften nedlagt. Nystuen hadde frem til 1950 tallet mellom 18 og 20 melkekyr, samt en god del hester. Fjøset, som i dag er nedre del av bygningskomplekset, ble reist i 1947. Hotellet brant ned i 1958 og det meste av bygningsmassen gikk tapt. Den nye vedbygningen sto klar i 1964. Fru Kjær (Bergliot Kjær) overtok hotellet fra Knut Nystuen i 1958 og hun eide det frem til 1970 da Fagernes Hotell overtok. Etter at Fagernes Hotell solgte hotellet, har det hatt vekslende eierskap og vertskap frem til i dag. Hotellet ble stengt i 1996, etter krav fra offentlige myndigheter. Årsaken var at hotellet ikke hadde tilfredsstillende avløpløsninger. Det hadde ikke lyktes daværende eier å få til en løsning i samarbeide med Vang kommune. Ny avløpløsning var på plass i 1999-2000. Hotellet ble lagt ut på salg og kjøpt av nåværende eier, selskapet Tyin Panorama AS. Selskapet har også kjøpt Tyinhotellet med tilhørende eiendommer. Selskapet har lagt ned betydelige ressurser for å få Nystuen i driftsmessig stand igjen."
Sjå fyldig særoppgåve om Nystøga skrive av Bjørn Harald Hamre (Valdres Gymnas, tidleg 1970-tal) (Opplandsarkivet, avd. Valdres Folkemuseum)
Valdres Folkemuseum vart stifta i den nasjonale rusen omkring hundreårsskiftet, 10. mars 1901. Det var den utflytte valdrisen Nils K. Ødegaard som tok til orde for at Valdres måtte få eit offentleg museum. Bak stiftinga låg ideen om kva styrkt medvit om fortida kunne få å seie for framtida åt folk i Valdres.
I 1905 kjøpte museet Handeloftet frå garden Hande i Vestre Slidre. I mai 1906 vart Valdreshaugen (ei tre mål stor tomt) kjøpt frå Nes gard. Her kom Handeloftet opp. I 1917 selde museet Valdreshaugen og kjøpte 18,5 mål ute på Storøya. Sidan har dette vore tilhaldsstad for Valdres Folkemuseum.
Heim for 100 bygningar og anlegg
Valdres Folkemuseum er eit av dei største friluftsmusea i Noreg. Det er 100 hus og anlegg innanfor skigarden på museet. Mellomalderloftet frå Uppigard Høve er det eldste (frå før 1350) ikkje-kyrkjelege trehuset i Valdres i dag og vart oppsett på museet i 1946-1947. Museet har eit flott stølsområde. Her står stølshus frå 1700-talet og Tvengestølen frå 1948. Denne stølen vart oppsett på museet i 1998.
Samlingane på Valdres Folkemuseum teller 25 000 gjenstandar. Her er landets eldste lokale folkemusikkarkiv med over 12 000 enkeltspor med musikk og song. Museet sitt fotoarkiv teller 75 000 bilete. Opplandsarkivet har ei avdeling her med om lag 600 ulike papirarkiv. Valdres Folkemuseum har eit studiesenter og ein instrumentverkstad med produksjon av langeleikar, hardingfeler og strenger. Valdres Folkemuseum er eigd av dei seks Valdres-kommunane.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».