Frå føraren på Valdres Folkemuseum (2012):
"Loft frå garden Uppigarde Høve, gnr. 45, bnr. 18, i Øystre Slidre. Loftet er det eldste profane huset som er bevart i Valdres, bygd før ...
Frå føraren på Valdres Folkemuseum (2012):
"Loft frå garden Uppigarde Høve, gnr. 45, bnr. 18, i Øystre Slidre. Loftet er det eldste profane huset som er bevart i Valdres, bygd før 1350. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1946–1947. Loftet er ein tømra kjerne i to høgder. Rommet i fyrste høgda er heilt. Andre høgda er avdelt med ein tømmervegg. Novendane på langsidene viser spor etter novarmar. Truleg har det vore sval på alle fire sidene i andre høgda. Utforminga kring dørene er rik og variert. I fyrste høgda er det rette, breie plankebeitskier med restar etter profilering langs kantane. I andre høgda er beitskiene forma som granne halvsøyler. Stokken over døra er forma som ein boge. På veggstokkane mot døra er det markerte kinningar (profilliner). Dette var vanleg dekorasjon på mellomalderlofta. Det er ikkje glas i loftet, men i austre gavlen er det glugg med bogar og søyleutforming. På framsida er det òg ein glugg som ein enkelt stengjer med ein trekloss. Det minste rommet i andre høgda vart nytta til oppbevaring av soldatuniformer og militære saker for soldatar i Øystre Slidre, og vart kalla ”syllaterrummet”.
Frå Knut Hermundstad handskrevne "Husbok for Valdres Folkemuseum" (1950-talet):
"Dette er no det eldste huset på Valdresmuseet, som museet vart kalla til 20.5.1949. Det er fra garden Hovi i Øystre Slidre. Her var huset freda. Då det heldt på fara ille, fekk museet ved Olaus Islandsmoen tilbod om at museet skulle få det. Islandsmoen takka og flytte stabburet. Vedtaket om dette gjorde styret 22.4.1944. Same året fekk museet av dep. kr 1.800,- til reisningi. (...) Dei trur at huset skriv seg frå ikr. 1200. I andre høgdi er eit merkeleg rom som dei har kalla "jomfruburet". I åri 1945 og 46 vart huset flytt. Den 1.3.1947 er det meldt at det er reist att."
Frå arkitekt MNAL K. Sukke: "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2 (1964):
"Svært gamalt er Hovistabburet frå Ø. Slidre, som nå står på Valdres Folkemuseum. Det er eit bur eller loft i 2 høgder på gråsteinsmurfundament. I 1. høgda er det eitt rom og i 2. høgda to rom. Romet i 1. høgda og det største romet i 2. høgda har dører frå svalgangen som ligg i gavlen. Det andre romet i 2. høgda har dør berre på langveggen. Dette romet vart kalla jomfruburet og har truleg vore soverom for jentene på garden. [PS: Dette er nok ei vandrarhistorie... Her har det nok vore ein utvendig svalgang frå gamalt. Anne Marit Noraker, 8/12-2015] Novet er katthovudnov. Dette huset er det einaste eg har råka på i Valdres som har stokkbeitski i staden for blindbeitski. Beitskia tener som kjent til karm for døra samstundes med at ho held stokkane i døropninga på plass. Ved stokkbeitskia, som er den eldste forma, er stokkendane i døropninga laga kileforma og ført inn i eit spor i beitskia. Denne avbladinga av stokkendane, som ofte vart utkrota med ornament, var vanleg frå ikring 1300. Døromramminga i andre høgda på Hovistabburet har fått ei sers fin utforming med motiv frå steinarkitekturen. Likskapen med dør frå stavloftet i Ål i Hallingdal frå ikring 1350, er stor. Hovistabburet er truleg frå ikring same tid. Taket her er åsetak."
Frå Arne Bergs Norske tømmerhus frå mellomalderen: band II : Hus for hus i Buskerud, Vestfold og Oppland (1990):
"Loft frå Høve. Når eit loft vert flytt, er det alltid ein fåre for at kjeldeverde går tapt. Då loftet vart ført over frå si tuft i Øystre Slidre til Valdres Folkemuseum, gjekk det også slik. Både utanfor og innanfor museet vart det sagt at ikkje all overføring gjekk forsvarleg for seg, og folk på staden fortalde at ikkje alt vart teke med heller. Til orsaking kan førast opp dei vanskelege tilhøva med kommunikasjon instansar imellom under krigen, då loftet vart kjøpt, og den tvangssituasjonen museet kjende seg i då forfallet vart langt kome, og gardstunet for ein stor del var under omforming. Huset vart ikkje mølt eller dokumentert før det vart teke ned. Likevel er det eit verdifullt hus vi sit att med. Hovudforma, ein sæmerkt romskipnad, rikt detaljerte pryddører o.a. har overføringa til museet ikkje skipla på. Her er som vanleg ein tømra kjerne i to høgder. Rommet i underhøgda er heilt. Men overhøgda er avdelt med ein tømmervegg så det er eit smalt rom på eine langveggen. Det er kalla "jomfruburet" til skilnad frå det største rommet, "løfte'", og det er ikkje dør mellom dei. Det minner om skipnaden i loftet på Haverstad i Sør-Fron, side 267. Men til skilnad frå det har minste rommet i Hoveloftet hatt dør frå sidesvala. Likskapen mellom dei to lofta er vel tilfeldig. Loftet har truleg hatt sval ved alle fire sidene i andre høgda. På langsidene viser i novendane at der har vore novarmar, sjå skisse ovanfor. Ved bakre gavlen er det meir uvisst. I tunet på Hove stod loftet så tett inntil gavlveggen på låven at der ikkje var rom for sval på den sida. I fronten, der dørene til bure' og løfte' står midt over einannan, er heilt ny svalgang, boren av stolpar til bakken. Foto før nedtakinga viser to stolpar i underhøgda, og fullstendig bortkomne yttervegger i overhøgda. Då loftet stod på Hove, var der ei stort særmerkt børe i underhøgda. I "jomfrubure'" var senger som boso. Vanleg seng var ikkje å få inn den døra. Det er slissar i veggene som viser korleis bosene av avbolka. Sjå plan nedanfor. Om dette rommet har Knut Hermundstad elles notert at det var "nytta til oppbevaring av soldatuniformer og andre militære saker. Med kalla det syllaterrommet. Det var soldatane i legdene i søre luten av Øystre Slidre, kan hende heile Øystre Slidre, som hadde militærsakene sine her. Øystre Slidre-gutane laut i den tid dette var i bruk, til Slidre-Brennudn på Vollen i Slidre og eksersere." I den store rommet har vore meir veggfast innreiing. Der har truleg vore senger ved begge langveggene, sjå plan frå førre side. Det er runde stokkar, runde novhovud og findalshogg i begge høgdene: Huset er frå før 1350. Der er ingen profilering på veggstokkane, men så mykje meir stas kring dørene. Utforminga her talar ikkje mot tidfestinga. I første høgda er rette, breie plankebeitskier med veike restar etter profilering langs kantane og nytt dørblad. Det er rikare prydnad på veggstokkane ved døra. Mot beitskiene er avskinninga markert med prifilliner av kjend skap, t.d. bd. I, s. 107 (med fleire variantar). Over døra er stokken forma som ein bjelke med ståfuger og ein flat blindeboge, svært versliten. Der er spor etter bjørnelås eller kroklås i 6. stokken på høgre sida. Men no, etter diverse omvøler, er det vanskeleg å seia kva nyklehol som har høyrt til. Dørbladet har nyare kledning, som kanskje løyner spor etter eldre læsing. I andre høgda har beitskiene pilaster-motiv, granne halvsøyler, men grove basar og kapitél. Venstre beitskia har tvinna søyleskaft, den høgre er glatt, begge har tydeleg utbuking midt på. Det illuderer tydelegare at søylene skal bera bogen over døra. Han er halvrund med tre vulstar i breidd, alt laga av eitt stykke, ei høgskilt skive, som i bd. I, s. 100, bogetype 7. Nærare detaljer fig. side 277. På innsidene er beitskiene sprett-telgde, fint ordna i fiskebeinsmønster. Attmed døra er endene på veggstokkane utforma om lag som i første høgda med profilerte kinningar, sjå neste side. Korleis læsinga var i andre høgda er uvisst. Dørbladet er nyare bordkledd her òg. Begge dørene er verslitne. At huset lenge har stått utan sval har gjort sin verknad. I gavlen motsett døra er ein glugg, noko rikare utforma enn vanleg i tømmervegger. Her er to kopla rundbogar med små-søyler, sjå detalj t.h. Dette kan minna om tidlegare skipnad i Staveloftet frå Ål, side 20. Gluggen gjer det også tvilsamt med ein svalgang framfor denne gavlen. Men framfor døra i sideveggen må det som nemnt ha vore sval, også av den grunn at "jomfrubure'" då var lettare tilgjengeleg. Døra har fått nye beitskier. Veggstokkane er avkinna som ved dei andre dørene, men kantane er enklare profilerte. Alle takåsane er nye. Truleg har huset hatt sperretak. I begge gavlkantane ligg det omattbrukte stavlægjer, snudde og med spor etter sperrer, breie hakk i nordre gavlen over døra. Det er difor rimeleg at huset har vore eitt eller to omfar høgare, og at sperrene også har kvilt på den langsgåande deleveggen. - Han er elles tømra noko ut av lodd, som tverrsnittet også viser. Gavltrekantane er også heilt omlagde, delvis med nye stokkar, og takvinkelen er kanskje gjord brattare. Kring i huset kan ein eller sjå at andre ting er skift på. I endeveggen i "jomfrubure'" er ein glugg i ei veggsprunge. Det er likt til at det berre er øvre halvdel av gluggen som er att. Stokken med den nedre delen er venteleg bortkomen. Opphaveleg form på gluggen var truleg som i første høgda. Der er ein brei glugg i ei veggsprunge, sjå òg tverrsnitt side 274. Ein gammal syllstokk med smalt, trapesforma tverrsnitt ligg som golvplanke i loftsrommet, truleg teken frå eine svala. Syllstokkar under sjølve tømmerveggene er grøvre, og kanskje delvis fornya. På Hove stod loftet på novsteinar. På museet er det andre novsteinar. Om alle omskifta var gjorde før eller etter huset kom til museet, veit vi altså ikkje." (For illustrasjonar og fotnotar, sjå referansen til boka).
Frå oversikt over gamle hus ved V.F. (1968), i 403 i husarkivet ved Valdres Folkemuseum:
"Flyttet 1945 og gjenoppført 1946-47. Fullt istandsatt 1960."
Valdres Folkemuseum vart stifta i den nasjonale rusen omkring hundreårsskiftet, 10. mars 1901. Det var den utflytte valdrisen Nils K. Ødegaard som tok til orde for at Valdres måtte få eit offentleg museum. Bak stiftinga låg ideen om kva styrkt medvit om fortida kunne få å seie for framtida åt folk i Valdres.
I 1905 kjøpte museet Handeloftet frå garden Hande i Vestre Slidre. I mai 1906 vart Valdreshaugen (ei tre mål stor tomt) kjøpt frå Nes gard. Her kom Handeloftet opp. I 1917 selde museet Valdreshaugen og kjøpte 18,5 mål ute på Storøya. Sidan har dette vore tilhaldsstad for Valdres Folkemuseum.
Heim for 100 bygningar og anlegg
Valdres Folkemuseum er eit av dei største friluftsmusea i Noreg. Det er 100 hus og anlegg innanfor skigarden på museet. Mellomalderloftet frå Uppigard Høve er det eldste (frå før 1350) ikkje-kyrkjelege trehuset i Valdres i dag og vart oppsett på museet i 1946-1947. Museet har eit flott stølsområde. Her står stølshus frå 1700-talet og Tvengestølen frå 1948. Denne stølen vart oppsett på museet i 1998.
Samlingane på Valdres Folkemuseum teller 25 000 gjenstandar. Her er landets eldste lokale folkemusikkarkiv med over 12 000 enkeltspor med musikk og song. Museet sitt fotoarkiv teller 75 000 bilete. Opplandsarkivet har ei avdeling her med om lag 600 ulike papirarkiv. Valdres Folkemuseum har eit studiesenter og ein instrumentverkstad med produksjon av langeleikar, hardingfeler og strenger. Valdres Folkemuseum er eigd av dei seks Valdres-kommunane.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».