Frå skilt på bygningen på Valdres Folkemuseum (2012):
"Stall frå Øvre Fristadplasse, gnr. 57, i Vestre Slidre. Bygd ikring 1750. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1954. Stall med f ...
Frå skilt på bygningen på Valdres Folkemuseum (2012):
"Stall frå Øvre Fristadplasse, gnr. 57, i Vestre Slidre. Bygd ikring 1750. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1954. Stall med fôrtrev i andre høgda. Særleg kan ein leggje merke til vatningstro og fôrhekk. Øvre Fristadplassen: Frå slutten av 1600-åra, og særleg i tidsrommet 1750–1850, voks det fram eit landbruksproletariat her i landet. Det var husmenn som fekk bruke ein heim, med noko jord til, mot pliktarbeid på den garden som eigde plassen. Denne husmannsplassen er nok av dei større og betre plassane, sjølv om forholda for husmennene i dei øvre fjellbygdene var betre enn på flatbygdene. Innbuet i stogo er tradisjonell med matskåp, bord, seng og peis. Huset inneheld elles livårskleve og vasskleve som også er bu. Over vasskleven er eit lite soveloft. Øvre Fristadplassen var husmannsplass under garden Fristad i Vestre Slidre. Husa er bygd ikring 1750. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1954. På Valdres Folkemuseum er Øvre Fristadplassen plassert som om det var ein husmannsplass under garden Kvie."
Frå Knut Hermundstads handskrevne Husbok for Valdres Folkemuseum (1950-talet):
"Fristadplass-stallen står på museet nett som han stod på Fristadplassen, rett ned for stogo. Det er i stallen to båsar med sams vasstro i båsgarden. Over stallen var stalltrevet. Den tid dei ikkje hadde hest på plassen nytta dei stallen til reiskapshus. På trevet var det forhus. Det var ein vanleg stige opp til trevet. Merk at det var trelås for dørene! Stallen, låven, løa og vedskålen sette Ola Haugland opp sumaren 1955. For det hadde han: Stallen kr. 600,-, låven og løa kr. 800,- og for vedskålen kr. 100,-"
Frå arkitekt MNAL K. Sukkes "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2 (1964):
"Fristadplasstallen har eit rom med inngangsdør i gavlen. Over stallen er det stalltrev for fôr. Tømmeret i langveggane er ført fram så ein får ein skut over inngangsdøra. Hit opp er det stige utanfrå. Spiltskillet er utført som sleppvegg. Vasstroa er og festa i nota for sleppveggen. Døra har trelås."
Stallen :
Frå føraren for Valdres Folkemuseum (1960):
"Fristadplasstallen med stalltrev over. Merk vatningstro i båsbolken og den fine forhekken! Alle Fristadplasshusi vart kjøpte 1953 og sett opp att året etter. Merk dørhengslor og trelås på mest alle dører (...)"
Frå særoppgåve om Fristadplasstallen skrive av Nils Christian Helle (1969), i husarkivet på VF:
- "Som adkomst til trevet er brukt en vanlig stige".
- "Den første husmannen på plassen hette Ivar Guttormsen, og hans kone hette Marit. De hadde fire barn, to sønner og to døtre, som var tvillinger. Ivar var spelemann og skinnfellmaker, og dessuten en flink håndverker. Han har således tømret alle husa på plassen selv."
- Sjå elles oppgåva for teikningar og meir informasjon.Frå skiltet på bygningen på Valdres Folkemuseum (2012):
"Låve frå Øvre Fristadplasse, gnr. 57, i Vestre Slidre. Bygd ikring 1750. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1954. Låven i Fristadplasse har løe på øvre sida (halmbrøtet), treskelåve i idten og lagerplass (lobrøtet) for utreskt korn på nedre sida. Øvre Fristadplassen: Frå slutten av 1600-åra, og særleg i tidsrommet 1750–1850, voks det fram eit landbruksproletariat her i landet. Det var husmenn som fekk bruke ein heim, med noko jord til, mot pliktarbeid på den garden som eigde plassen. Denne husmannsplassen er nok av dei større og betre plassane, sjølv om forholda for husmennene i dei øvre fjellbygdene var betre enn på flatbygdene. Innbuet i stogo er tradisjonell med matskåp, bord, seng og peis. Huset inneheld elles livårskleve og vasskleve som også er bu. Over vasskleven er eit lite soveloft. Øvre Fristadplassen var husmannsplass under garden Fristad i Vestre Slidre. Husa er bygd ikring 1750. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1954. På Valdres Folkemuseum er Øvre Fristadplassen plassert som om det var ein husmannsplass under garden Kvie."
Frå Knut Hermundstads handskrevne Husbok for Valdres Folkemuseum (1950-talet):
"Fristadplasslåven vart riven, flytt og sett opp att på V.F. av Ola M. Haugland. Sjå F.-stallen.
Fristadlåven er i midten. Til h. lobrøtet, til v. halmlangen (halmbrøtet). Midt mot døri er låveglugget. Innbu: Tust, eit par såld, og kasteskøvl, alt frå Fristadplassen. Låvedøri stengde ein med ein kratftig pinne på innsida. Når ein skulle stengje døri, stakk ein handi med pinnen gjennom eit hol i tømra til venstre for døri nede i veggen. Taket er tekt med bord med overliggjar. I underhuset kunne ein setja ymse reidskapar."
Frå særoppgåve om Fristadlåven, skrive av Andris Wangensteen (Valdres Gymnas, 1976?) (Opplandsarkivet, avd. Valdres Folkemuseum):
"(...) spesiell måte å stenge dørene på. De blir stengt innenfra ved at man har et hull i veggen til venstre for nederste dør, som man kan ta gjennom. På innsiden er det en stor krampe (kin) som går gjennom et hull i døra og så blir det satt en pinne gjennom krampen. For å få åpnet den øverste døra må en enten krype under den og åpne den innenfra eller ta å strekke armen oppunder utenfra.
Valdres Folkemuseum vart stifta i den nasjonale rusen omkring hundreårsskiftet, 10. mars 1901. Det var den utflytte valdrisen Nils K. Ødegaard som tok til orde for at Valdres måtte få eit offentleg museum. Bak stiftinga låg ideen om kva styrkt medvit om fortida kunne få å seie for framtida åt folk i Valdres.
I 1905 kjøpte museet Handeloftet frå garden Hande i Vestre Slidre. I mai 1906 vart Valdreshaugen (ei tre mål stor tomt) kjøpt frå Nes gard. Her kom Handeloftet opp. I 1917 selde museet Valdreshaugen og kjøpte 18,5 mål ute på Storøya. Sidan har dette vore tilhaldsstad for Valdres Folkemuseum.
Heim for 100 bygningar og anlegg
Valdres Folkemuseum er eit av dei største friluftsmusea i Noreg. Det er 100 hus og anlegg innanfor skigarden på museet. Mellomalderloftet frå Uppigard Høve er det eldste (frå før 1350) ikkje-kyrkjelege trehuset i Valdres i dag og vart oppsett på museet i 1946-1947. Museet har eit flott stølsområde. Her står stølshus frå 1700-talet og Tvengestølen frå 1948. Denne stølen vart oppsett på museet i 1998.
Samlingane på Valdres Folkemuseum teller 25 000 gjenstandar. Her er landets eldste lokale folkemusikkarkiv med over 12 000 enkeltspor med musikk og song. Museet sitt fotoarkiv teller 75 000 bilete. Opplandsarkivet har ei avdeling her med om lag 600 ulike papirarkiv. Valdres Folkemuseum har eit studiesenter og ein instrumentverkstad med produksjon av langeleikar, hardingfeler og strenger. Valdres Folkemuseum er eigd av dei seks Valdres-kommunane.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».