Frå føraren for Valdres Folkemuseum (2012):
"Låve frå Ni'igarde Kvie, gnr. 96, bnr. 5, i Vang. Kviislåven er ein tradisjonell, tredelt låve med treskegolv i midten og brot på kvar ...
Frå føraren for Valdres Folkemuseum (2012):
"Låve frå Ni'igarde Kvie, gnr. 96, bnr. 5, i Vang. Kviislåven er ein tradisjonell, tredelt låve med treskegolv i midten og brot på kvar side. Det er køyrebru opp til overlåven. Langs øvre langside er det innkledde gangar for agner, lauv, potetgras og anna fôr. I lobrotet på høgre sida lagra dei kornbanda før dei vart treskte. I gjevarløa på venstre sida er det brot for lagring av anna fôr. Sist på 1800-talet vart det på større gardar vanleg med treskemaskinar. Desse vart dregne ved hjelp av ei hestevandring, som på baksida av Kviislåven. Før den tid treskte mest alle med tust. Under låven lagra bøndene trevirke og landbruksreiskapar. Fyrste høgda er truleg frå ikring 1700. Då vart garden utskild som eigen gard. Andre høgda er bygd i 1860–70-åra. Valdres Folkemuseum kjøpte Kviislåven i 1953 og sette han opp i 1959–1960. Kviistunet: Det vanlege busettingsmønsteret i Noreg er spreitt busetnad. Det finst likevel eldre eksempel på at gardar kan liggje så tett inntil kvarandre at dei meir liknar ein tettstad. Kviistunet på museet kjem frå ei slik gardklynge. Fram til utskiftinga i 1908 danna fem tun, med til saman 33 hus, ein liten tettstad like ved Høre stavkyrkje i Vang. Kvie var tingstad på midten av 1600-talet. I perioden 1646–1821 var Kvie skysstasjon og herberge. Til gardane høyrde også 12 husmannsplassar. Husa frå Kvie er bygde i perioden 1600–1850. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1959–1960. På Valdres Folkemuseum framstår Kviistunet som ein typisk fjellgard i Øvre Valdres. Slike gardar hadde gjerne fleire husmannsplassar. På Valdres Folkemuseum skal Øvre Fristadplassen illustrere husmannsplass under Kvie, og er plassert lenger ut i utmarka."
Frå Knut Hermundstads handskrevne Husbok for Valdres Folkemuseum (1950-talet):
"Som ein vil sjå av teikningane til Birger Bø og foto som Knut Hermundstad har teke av Kviis-husi, er låven "hekta" saman med stallen med eit overbyggt køyregolv som gjekk på skrå bort i døropningen i overlåven. Dette vart gjort i 1860-70-åri. På same tid er det bygd ei høgd til på låven. Gamle bilete av Kvie synar tydeleg at låven opphaveleg er einhøgda. Denne låven og stallen er sikkert frå den tid denne garden vart skilt unna Kvie ikr 1790. Sjå Tore Eg s 306 og 307. Når no låven og stallen skulle flyttast, laut desse to hus skiljast, slik som vanleg var i gamal tid. Museumsstyrar (K.H.) la denne saki fram for fyrstekonservator i Riksantikvariatet arkitekt Halvor Vreim, som og visste korleis det var. Han la saki fram i 3 alternativ: 1. Setja båe husi oppatt nett som dei no var. 2. Ta av fyrste høgdi på låven og lata han elles stå slik som no. Då vart og stallen og låven skilde åt. 3. Flytte låven og dermed fjøset søretter nokre meter , så ein kanne få laga ei bein køyrebru opp i overlåven, slik som vanleg var elles på gamle dører i Valdres. Museumsstyraren meinte at alternativ 3 var den beste løysingi. Dette fekk medhald av Vreim. Brevet om dette ligg i arkivet som styret fekk på siste årsmøtet eg, K.H., var med på hausten 1958. (...) Knut Sebuøydgarden reiste no stallen, låven og grisehuset sumaren 1959. Som det haldt fram, er låven tvihøgda med ein låve i midten i kvar høgd. Når ein kjem inn på låven i 1. høgd, er det ein lang, låvelang, langs storparten av låven inn til døri som går inn i gjevarløa. Han var bordkledd inn like ned ova og på sidane. Gjennom ei 4-5 små gluggar kom det inn ljos. I langen til venstre hadde dei agner, til høgre hadde dei lauvkjerd o.a. I gangen til vinstre var det dør inn i gjevarløa. Låven her treskte dei i om våren når loi i lobrøte hadde minka. Til høgre for låven var lobrøte. Til vinstre var gjevarløa. Hit vart det kosta både for og halm. Herfa vart for og halm bore i vandlar? åt fjøset. Frå ei rett køyrebru kjem ein opp i ovapålåvin. Langen til høgre turka bonden potetgras på. Til vinstre var det og agnhus. Låveromet i midten nytta dei om hausten når lobrøtet var fullast. I loven var det 25 kvarv. Rekna frå v-h var låven 4,35 m + 5,30 + 4,75 = 14,40 m lang. Breidde var 6 m (sjølve loven) + 2 m (laagune?) = 8m. Det var ein låveglugg på utsida i kvar låve. Underhuset nytta dei til å ha reiskap og trematerial i. Huset er tekt med skifer. Gjevarløa var opphaveleg skilt med eit golv mellom fyrste og andre høgd."
Frå arkitekt MNAL K. Sukke "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2 (1964):
"(...) Etter kvart stiller ein gamal løe, fjøs og stall saman og bind dei i hop til eit samla anlegg. (...) Låve- og stallbygnaden frå Kvie som no står på Valdres Folkemuseum, var bygd saman i nyare tid der husa sto frå før. Låven er sikkert opphaveleg bygd over det vanlege skjemaet, men er ombygd i siste halvdel av 1800-åra. 1. høgda er truleg frå ikr. 1750. 2. høgda har ved ombygginga fått ei utkraging utført i bindingsverk."
Frå føraren for Valdres Folkemuseum (1960):
"Kviislåven er som ein vanleg gamal Valdres-låve. Fyrste høgd er truleg frå ikr. 1700, då garden var utskild til serskild gard. Andre høgdi er venteleg frå ikr. 1870. Nedst er den vanlege treskelåven og øvst er overlåven. Lobrøtet er på høgre sida og gjevarløa på venstre sida. Opp til overlåven gjekk det vanleg ei bein køyrebru. Langs øvre langside var det innkledde langar i båe høgder for lauv, agner, potetgras og anna foring. - Inn til ikr 1900 treskte mest alle bøndene kornet med tust, som var sett saman med to tre, handvøl og den litt grøvre, men stuttare slagvøl. Dei var feste ihop med vidjor. Dei gjorde tå låven med kasteskøvl, tre såld og ofte harpe. Ikr. 1880 fekk sume seg treskemaskin som dei dreiv med handmakt. Men ikr. same tid for ein svenske som heitte Nygren, rundt i Valdres og laga køyrevandringar, så ein kunne drive treskemaskina med hestehjelp. Utanfor Kviislåven er det no sett opp ei hestevandring frå Eivind Kvien, Vang, og Knut Haugen, Ø. Slidre, av ei noko nyare type. Eit lekke gjekk frå vandringi og bort på maskina. - Ikr. 1906-08 tok sume i Vang til å få seg overvasshjul, så ein kunne drive både treskemaskinar og kvernar med vasskraft. Men frå ikr. 1910 vart det petroleumsmotorkraft og ikr. 1930 elektrisk kraft. På utsida av kvar låve var det eit låveglugg, som ein kunne stengje med ei skuvefjøl. Underhuset nytta bonden til å ha køyrereiskap og trevyrke i. Det fleste Kviishusi er tekte med skifer frå skiferbroti i Øystre Slidre."
Valdres Folkemuseum vart stifta i den nasjonale rusen omkring hundreårsskiftet, 10. mars 1901. Det var den utflytte valdrisen Nils K. Ødegaard som tok til orde for at Valdres måtte få eit offentleg museum. Bak stiftinga låg ideen om kva styrkt medvit om fortida kunne få å seie for framtida åt folk i Valdres.
I 1905 kjøpte museet Handeloftet frå garden Hande i Vestre Slidre. I mai 1906 vart Valdreshaugen (ei tre mål stor tomt) kjøpt frå Nes gard. Her kom Handeloftet opp. I 1917 selde museet Valdreshaugen og kjøpte 18,5 mål ute på Storøya. Sidan har dette vore tilhaldsstad for Valdres Folkemuseum.
Heim for 100 bygningar og anlegg
Valdres Folkemuseum er eit av dei største friluftsmusea i Noreg. Det er 100 hus og anlegg innanfor skigarden på museet. Mellomalderloftet frå Uppigard Høve er det eldste (frå før 1350) ikkje-kyrkjelege trehuset i Valdres i dag og vart oppsett på museet i 1946-1947. Museet har eit flott stølsområde. Her står stølshus frå 1700-talet og Tvengestølen frå 1948. Denne stølen vart oppsett på museet i 1998.
Samlingane på Valdres Folkemuseum teller 25 000 gjenstandar. Her er landets eldste lokale folkemusikkarkiv med over 12 000 enkeltspor med musikk og song. Museet sitt fotoarkiv teller 75 000 bilete. Opplandsarkivet har ei avdeling her med om lag 600 ulike papirarkiv. Valdres Folkemuseum har eit studiesenter og ein instrumentverkstad med produksjon av langeleikar, hardingfeler og strenger. Valdres Folkemuseum er eigd av dei seks Valdres-kommunane.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».