History
-
- Vestre Slidre historielag har samla inn bilete frå enkletpersonar i Vestre Slidre. Historielaget har take ei avfotografering (negativ) av originalane. Arbeidet er organisert av Trond Hamre, for Vestre Slidre historielag.
Eierskap
- EierValdres Folkemuseum (1901)
- History
Valdres Folkemuseum
Valdres Folkemuseum vart stifta i den nasjonale rusen omkring hundreårsskiftet, 10. mars 1901. Det var den utflytte valdrisen Nils K. Ødegaard som tok til orde for at Valdres måtte få eit offentleg museum. Bak stiftinga låg ideen om kva styrkt medvit om fortida kunne få å seie for framtida åt folk i Valdres.
I 1905 kjøpte museet Handeloftet frå garden Hande i Vestre Slidre. I mai 1906 vart Valdreshaugen (ei tre mål stor tomt) kjøpt frå Nes gard. Her kom Handeloftet opp. I 1917 selde museet Valdreshaugen og kjøpte 18,5 mål ute på Storøya. Sidan har dette vore tilhaldsstad for Valdres Folkemuseum.
Heim for 100 bygningar og anlegg
Valdres Folkemuseum er eit av dei største friluftsmusea i Noreg. Det er 100 hus og anlegg innanfor skigarden på museet. Mellomalderloftet frå Uppigard Høve er det eldste (frå før 1350) ikkje-kyrkjelege trehuset i Valdres i dag og vart oppsett på museet i 1946-1947. Museet har eit flott stølsområde. Her står stølshus frå 1700-talet og Tvengestølen frå 1948. Denne stølen vart oppsett på museet i 1998.
Samlingane på Valdres Folkemuseum teller 25 000 gjenstandar. Her er landets eldste lokale folkemusikkarkiv med over 12 000 enkeltspor med musikk og song. Museet sitt fotoarkiv teller 75 000 bilete. Opplandsarkivet har ei avdeling her med om lag 600 ulike papirarkiv. Valdres Folkemuseum har eit studiesenter og ein instrumentverkstad med produksjon av langeleikar, hardingfeler og strenger. Valdres Folkemuseum er eigd av dei seks Valdres-kommunane.
- Adresse,Norge Oppland Nord-Aurdal Valdres Valdres Folkemuseum Tyinvegen 27
- DigitaltMuseumSearch in «Valdres Folkemuseum»
- History
Fotografering: (Ca. 1927)
- FotografLyche, Karl Jacob
Placement
References
- LitteraturreferanseGardar og slekter i Vestre Slidre, side 234
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Copies1 Negativ, Svart-hvit
- IdentifierVFF VS-3.13
- Part of collectionVestre Slidre Historielag
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionValdres Folkemuseum
- Date publishedNovember 21, 2018
- Date updatedSeptember 2, 2022
- DIMU-CODE021017973488
- UUIDc28c9a84-3231-4183-9691-ee9e02eab2a6
- Tags
3 comments
Hei. Det eine namnet i bildeteksten er opplyst å vera "Frøyflat". Det høyrest merkeleg ut - særleg i Vestre Slidre. Sjekk om det ikkje heller er "Trøyflat"...
Helsing Helge Gudheim
Helge Gudheim, January 24, 2019
Hei, det er nok ikkje eg som har gjeve dette bildet. Men eg kjende Asta Lyche, og då eg helste på henne fyrste gongen, omlag i 1950 budde ho åleine med ei til å stelle for seg i 2.høgden på Granheim. Er det verkeleg sant at manne hennar, Dr Harald Lyche levde til han var 100 år? Ukjend for meg.
Beste helsing Inger Johanne Fosheim
Inger Johanne Fosheim, April 26, 2022
Eg fann nett alderen på Dr Harald Lyche:
Harald Heyerdahl Lyche (1866–1933)
Helsing Inger Johanne Fosheim.
Inger Johanne Fosheim, April 26, 2022
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».