Inf. fortel: "Foreldrene til Knut var Halvor Halvorsson Tveiten og Anne Halvorsdtr. f. Leikvang. Anne var halvsøster til Gunhild Kittilsdotter leikvang, g. m Olav Torstveit. Knu ...
Inf. fortel: "Foreldrene til Knut var Halvor Halvorsson Tveiten og Anne Halvorsdtr. f. Leikvang. Anne var halvsøster til Gunhild Kittilsdotter leikvang, g. m Olav Torstveit. Knut var ugift og hadde fem søsken, alle ugifte. Knut dreiv saman med Kari og Anlaug. Han spara på skogen og blei ført opp med stor formue, så han var bygdas største skattytar. Han var erleg, men sparsommeleg. Alt på garden skulle vere som i farens tid. Han såg på detg som ei forvalting, han var god for fleire hundre tusen, som søskenborna på morssida arva. Han levde av å hogge ut litt skog kvart år. Han hadde bier i mange år. - Han reiste til Skien ein gong og glømte nista, men kjøpte ikkje mat i Skien. Han tok drosje frå jarnbanestasjonen i Bø for kr. 5, lot den kjøre så langt det rakk og gjekk resten.
Faren, Halvor, fulgrte meir med tida enn sonen. Hussa var fint måla. Det var ein staseleg gard. Mora Anne var sparsommeleg."
Albumet bilete er tatt frå er kjøpt på auksjon etter Knut H. Tveiten av Mari H. Torstveit, syster til informanten, som var Torjus H. Torstveit.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».