Gruppebilete av Andreas Barsnes (1883-1954), Olav Hoprekstad (1875-1965), Andreas Vamraak (1861-1936) med fleire. Barsnes kan vi sjå bak til venstre, Vamraak sit framme til høgre, ...
Gruppebilete av Andreas Barsnes (1883-1954), Olav Hoprekstad (1875-1965), Andreas Vamraak (1861-1936) med fleire. Barsnes kan vi sjå bak til venstre, Vamraak sit framme til høgre, medan Hoprekstad sit framme sentralt.. Fyrstnemnde var lærar og skulestyrar. I 1954 fekk Barsnes Kongens fortenestemedalje i gull for arbeidet for skule og kulturliv. Han var leiar for Det vestlandske målkontor frå 1921 til 1954. I 1942 vart han send på tvangsarbeid under den tyske okkupasjonen. Hoprekstad var også lærar og aktiv i målrørsla. Han var mellom anna sentral i skipinga av Vestlandske Mållag i 1904. Elles skreiv Hoprekstad ei rekkje skodespel. Vamraak var lærar og klokkar i Kyrkjebø. Han var ordførar same stad mellom 1899 og 1904, og kommunen innførde i denne perioden landsmål som administrasjonsspråk. Fotoet er teke av Norland, Bergen.
Dette er eit digitalt eksemplar av eit foto frå biletarkivet etter "Norsk Allkunnebok". Fonna Forlag gav ut det nynorske leksikonet "Norsk Allkunnebok" mellom 1948 og 1966. Biletarkivet vart utlånt frå Nasjonalbiblioteket til Nynorsk kultursentrum, og kan kopierast og nyttast av sistnemnde etter avtale frå 2004.

Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».