• Portrettfoto av Erik Harildstad (1886-1969). Harildstad miste i 13-årsalderen synet etter to ulukker. Han tok utdanning i orgelspel og var lærar for blinde. Mellom 1913 og 1921 var Harildstad formann i Norges blindeforbund. Som forfattar gav Harildstad ut diktsamlinga "Doggdropar" i 1924 og ei samling forteljingar med tittelen "Frå skuggen" i 1928. Fotografen er ukjend.

Dette er eit digitalt eksemplar av eit foto frå biletarkivet etter "Norsk Allkunnebok". Fonna Forlag gav ut det nynorske leksikonet "Norsk Allkunnebok" mellom 1948 og 1966. Biletarkivet vart utlånt frå Nasjonalbiblioteket til Nynorsk kultursentrum, og kan kopierast og nyttast av sistnemnde etter avtale frå 2004.

Kjelde:
Norske Allkunnebok, femte bandet, kolonne 836-837
    Photo: Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Erik Harildstad

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to