• Portrettfoto av Karl Emanuel Imenes (1866-1946). Imenes var landhandlar, meierist og forfattar. Han var ei tid gullgravar i Australia, og budde seinare nokre år i USA. Som forfattar skreiv Imenes mange skodespel og forteljingar. Han var kjend for sin sørlandske humor, og han var med i målrørsla. Fotografen er Waaland, Grimstad.

Dette er eit digitalt eksemplar av eit foto frå biletarkivet etter "Norsk Allkunnebok". Fonna Forlag gav ut det nynorske leksikonet "Norsk Allkunnebok" mellom 1948 og 1966. Biletarkivet vart utlånt frå Nasjonalbiblioteket til Nynorsk kultursentrum, og kan kopierast og nyttast av sistnemnde etter avtale frå 2004.

Kjelde:
Norsk Allkunnebok, sjette bandet, kolonne 608
    Photo: Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Karl Emanuel Imenes

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to