• Portrettfoto av Olaus Islandsmoen (1873-1949). Islandsmoen skipa Vestoppland folkehøgskule i 1906, og styrde denne til 1939. Han var aktiv i målrørsla og formann i Noregs Mållag frå 1917 til 1921. Mellom 1915 og 1918 var Islandsmoen stortingsrepresentant for Arbeidardemokratane. Han var også engasjert i ungdomslag og fråhaldslag. Fotografen er ukjend.

Dette er eit digitalt eksemplar av eit foto frå biletarkivet etter "Norsk Allkunnebok". Fonna Forlag gav ut det nynorske leksikonet "Norsk Allkunnebok" mellom 1948 og 1966. Biletarkivet vart utlånt frå Nasjonalbiblioteket til Nynorsk kultursentrum, og kan kopierast og nyttast av sistnemnde etter avtale frå 2004.

Kjelde:
Norsk Allkunnebok, sjette bandet, kolonne 792-793
    Photo: Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Olaus Islandsmoen

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to