• Portrettfoto i sideprofil av Jon Laberg (1859-1948). Laberg var lærar og forfattar av mange bygdebøker. Han sat i Bergen bystyre frå 1888 til 1921, der han representerte Venstre. Laberg var også ein markant person i fråhaldsrørsla. Fotografen er ukjend.

Dette er eit digitalt eksemplar av eit foto frå biletarkivet etter "Norsk Allkunnebok". Fonna Forlag gav ut det nynorske leksikonet "Norsk Allkunnebok" mellom 1948 og 1966. Biletarkivet vart utlånt frå Nasjonalbiblioteket til Nynorsk kultursentrum, og kan kopierast og nyttast av sistnemnde etter avtale frå 2004.

Kjelde:
Norsk Allkunnebok, sjuande bandet, kolonne 840-841
    Photo: Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Jon Laberg

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to