• Portrettfoto av Konrad Nerheim (1897-1963). Nerheim starta opp den fyrste handelsskulen, som nytta nynorsk som undervisingsspråk, i 1923. Under krigen vart han arrestert for illegalt arbeid, men vart sett fri grunna simulert mental sjukdom. Seinare var Nerheim med å gjenreise Gula Tidend. Han var aktiv i målrørsla. Fotografen er ukjend.

Dette er eit digitalt eksemplar av eit foto frå biletarkivet etter "Norsk Allkunnebok". Fonna Forlag gav ut det nynorske leksikonet "Norsk Allkunnebok" mellom 1948 og 1966. Biletarkivet vart utlånt frå Nasjonalbiblioteket til Nynorsk kultursentrum, og kan kopierast og nyttast av sistnemnde etter avtale frå 2004.

Kjelde:
Norsk Allkunnebok, åttande bandet, kolonne 912
    Photo: Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Konrad Nerheim

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to