• Portrettfoto av Halvor J. Sandsdalen (1911-1998). Sandsdalen var forfattar, journalist, redaktør og bonde. Han har gjeve ut fleire diktsamlingar på nynorsk, til dømes "Mannen og moldi" frå 1946. Sandsdalen gav også ut fleire skodespel og barnebøker. Som journalist arbeidde han mykje med folkeminnesamling, og han gav ut folkeminnebøker. Fotografen er ukjend.

Dette er eit digitalt eksemplar av eit foto frå biletarkivet etter "Norsk Allkunnebok". Fonna Forlag gav ut det nynorske leksikonet "Norsk Allkunnebok" mellom 1948 og 1966. Biletarkivet vart utlånt frå Nasjonalbiblioteket til Nynorsk kultursentrum, og kan kopierast og nyttast av sistnemnde etter avtale frå 2004.

Kjelde:
https://www.allkunne.no/framside/biografiar/s/halvor-j-sandsdalen/102/86744/ (Lesedato: 23.04.2020)
    Photo: Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Halvor J. Sandsdalen

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to