• Portrettfoto av Bjarne Undheim (1905-88). Undheim hadde utdanning som fysikar og arbeidde som lektor og rektor. Han var ordførar i Time mellom 1955 og 1959, og stortingsrepresentant for Senterpartiet mellom 1961 og 1969. Innanfor målsaka kjempa Undheim for at lærebøker skulle gjevast ut på begge skriftspråka. Han var leiar i Rogaland Mållag mellom 1953 og 1955, og han omsette lærebøker til nynorsk. Undheim kjempa også for fysisk fostring og var aktivt med i idrettslag. Fotografen sitt namn er uleseleg.

Dette er eit digitalt eksemplar av eit foto frå biletarkivet etter "Norsk Allkunnebok". Fonna Forlag gav ut det nynorske leksikonet "Norsk Allkunnebok" mellom 1948 og 1966. Biletarkivet vart utlånt frå Nasjonalbiblioteket til Nynorsk kultursentrum, og kan kopierast og nyttast av sistnemnde etter avtale frå 2004.

Kjelde:
https://www.allkunne.no/framside/biografiar/u/bjarne-undheim//104/1251/ (Lesedato: 07.05.2020)
    Photo: Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Bjarne Undheim

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to