• Portrettfoto av Rasmus Øvrelid (1876-1932). Øvrelid arbeidde som lærar og skulestyrar. Mellom 1916 og 1932 var han overlærar ved Volda lærarskule. Han gav ut bladet Voldingen mellom 1920 og 1925. I tillegg forfatta han fleire bøker på landsmål. Øvrelid var engasjert i målarbeid, fråhaldsarbeid, og fredsarbeid. Fotografen er ukjend. 

Dette er eit digitalt eksemplar av eit foto frå biletarkivet etter "Norsk Allkunnebok". Fonna Forlag gav ut det nynorske leksikonet "Norsk Allkunnebok" mellom 1948 og 1966. Biletarkivet vart utlånt frå Nasjonalbiblioteket til Nynorsk kultursentrum, og kan kopierast og nyttast av sistnemnde etter avtale frå 2004.

Kjelde:
Norsk Allkunnebok, tiande bandet, kolonne 1303
    Photo: Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Rasmus Øvrelid

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to