• Fotografi av Olav H. Hauge i ei skråning med blomar. Dei purpurraude, klokkeforma blomane vert kalla revebjeller (latin: digitalis purpurea), og er vanleg der markdekket vert forstyrra. (1) Hauge skriv i dagboka si den 26.06.1984 om revebjeller: "Det er revebjølleår. Dei milde snjorike vintrane me har hatt dei siste åri, har livt småplantor, dei unge rosettane, difor har me slik rikdom i sumar. Berre ein sumar fyrr kan eg minnast slik storm av revebjøllor etter vegskråningar og bakkar. Dei stend i tusundtal som raude arméar, ja, i ein bakke under Messehaug stend fleire mål tett i tett." (2) Fotografen er truleg Bodil Cappelen. Biletet vart skanna hos Bodil Cappelen i 2012, og er i Olav H. Hauge-senterets eige. Skanning og innhenting av informasjon vart utført av Eirik Bergesen Dalen.

Kjelder:
(1) https://snl.no/revebjelle (Lesedato: 04.06.2020)
(2) Hauge, O.H. (2000) Olav H. Hauge Dagbok 1924-1994, femte bandet, side 183
    Photo: Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Olav H. Hauge i ei skråning med blomar

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to