• Fotografi av Nils Hald frå teaterstykket Det heilage eksperimentet. Stykket hadde premiere på Det Norske Teatret 2. mars 1954, og baserer seg på eit skodespel av Fritz Hochwälder frå 1942, med originaltittelen "Das Heilige Experiment". Skodespelet handlar om korleis ein utopisk jesuittstat i Paraguay vert oppløyst med makt av spanjolane på 1760-talet. Nils Hald spelte her rolla som William Clarke, prest av Jesu Selskap med tittel prokurator. Regissøren var Bjarne Andersen, medan Ragnvald Skrede stod for omsetjinga til nynorsk. Fotografen er Sturlason.

Dette er eit digitalt eksemplar av eit foto frå biletarkivet etter "Norsk Allkunnebok". Fonna Forlag gav ut det nynorske leksikonet "Norsk Allkunnebok" mellom 1948 og 1966. Biletarkivet vart utlånt frå Nasjonalbiblioteket til Nynorsk kultursentrum, og kan kopierast og nyttast av sistnemnde etter avtale frå 2004.

Kjelder:
https://sceneweb.no/nb/production/77253/Det_heilage_eksperimentet-1954-3-2 (Lesedato: 03.07.2020)
https://sv.wikipedia.org/wiki/Fritz_Hochw%C3%A4lder (Lesedato: 03.07.2020)
    Photo: Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Nils Hald i Det heilage eksperimentet

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to