• Portrettfoto av Olav Langeland (1866-1936). Langeland var lærar og den fyrste skulestyraren ved Buskerud folkehøgskule. Han var aktiv i ungdomslag, turistforeining og fredsarbeid. Som talar vart Langeland mykje nytta, og han gav ut to samlingar med føredrag; "Vegen og maalet" (1914) og "Rikare liv" (1926). Fotografen er ukjend.

Dette er eit digitalt eksemplar av eit foto frå biletarkivet etter "Norsk Allkunnebok". Fonna Forlag gav ut det nynorske leksikonet "Norsk Allkunnebok" mellom 1948 og 1966. Biletarkivet vart utlånt frå Nasjonalbiblioteket til Nynorsk kultursentrum, og kan kopierast og nyttast av sistnemnde etter avtale frå 2004.

Kjelde:
Norsk Allkunnebok, sjuande bandet, kolonne 904.
    Photo: Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Olav Langeland

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to