"Fotografi av en dansemoro på Erøy 1906", står det på dette biletet. Samstundes er det klart at biletet må ha vore teke same dag som biletet frå det store misjonsstemnet i Erøynå i ...
"Fotografi av en dansemoro på Erøy 1906", står det på dette biletet. Samstundes er det klart at biletet må ha vore teke same dag som biletet frå det store misjonsstemnet i Erøynå i 1906 (sjå s.xxx). Så då har dei kombinert dei to tinga. Det er elles stor aldersskilnad på "ungdommane". Dei er i alderen frå under 20 til litt over 40.
Frå venstre er det Maria Bog, Lars Johan Hamra, Elias Tønnesen (med trekkspel, kan hende ein bøkker hos Lars Jårvik? Trekkspelet er truleg ein toradar), Olai Paulsen (med fela, bøkker i Erøynå), Tomine Bøen (framfor Olai), Ola Forenes (Jelsa), Laura Vaage, Giske Forenes, Anna Bøen, Paul Vågane, Gudmund Håland og Thea Føljesvoll (Bjørnevåg).
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».