Aall-Ulefos Brugs dørfabrikk.

2 comments

  • I same FB-tråd som der Olav Johnsen med fresemaskina vart kjend att : https://www.facebook.com/groups/471652442884745/permalink/3799358396780783 - då er også arbeidaren ved høvel-/arbeidsbenken i midten namngjeven: Arne Andersen (10.05.1921-28.01.1999) (budde og på Heisholt, Ulefoss - nett som Olav Johnsen

    Dette trur eg og vart stadfest då fotoet kom på prent i TA, truleg medan han enno levde. Det kom inn ulike framlegg, men dette står seg. (meiner og dette vart notert av Arbeiderbevegelsen sitt arkiv i Telemark då, men kan ha gått tapt i mellomtida)

  • Arbeidsprosessa her? (er ikkje heilt viss, men meiner dette er same som eg gjorde med spesial-/branndørar på same fabrikk [i andre lokale]), kanskje 30-25 år seinare. Karming og hengsling (beslag / beslåing) av dørene. Skilnaden her at det ser ut til at ein ikkje får ferdig utfresing for hengsler/gangjern, men høgg dei ut. Den gongen fekk ein nok framleis firkanta hengselblad i staden for avrunda til utfresingar. Trudde ikkje at ein så tidleg karma ferdig dørene, men slik ser det då ut på benken bakanfor. På eit anna foto de har, der ser ein dørane ferdigpakka, men ikkje heilt lett å sjå om dei er ferdig karma. Det var jo så at AUB og hadde eit ferdighusfirma, Det brann heller ikkje ned med den fyrste dørfabrikken (seint i oktober 1949) og nytta dørene herifrå. Det kan jo ha gjort det enklare å karme dørane ferdige i fabrikken og ikkje ute på byggjeplassen. Men dette vert altså berre framlegg utan viss kunnskap.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to