Vi kan sjå litt av det gamle rådhuset (tidlegare Hotel Hardanger), Grand Hotel, Almerket, kyrkja, Odda Smelteverk, Dicy-lageret, elva Opo. Boligområda Kalvanes, Egne Hjem og Eitrhe ...
Vi kan sjå litt av det gamle rådhuset (tidlegare Hotel Hardanger), Grand Hotel, Almerket, kyrkja, Odda Smelteverk, Dicy-lageret, elva Opo. Boligområda Kalvanes, Egne Hjem og Eitrheimsneset med Zinken.
Biletet er teke nordvestover og viser nordre del av Odda sentrum med nytt bustadhus for Prestgarden / Prestegård og til høgre for det ein arbeidarbustad for Smelteverket (mørkaste huset ved brua), kykja med gravstøtter intakt på gravplassen og dei små husa på Almerket. Jarnbaneskinnene for toget mellom produksjonsanlegga og eksportkaien er godt synleg langs elvabrotet på sentrumsida av elva. I elva ser vi støtter til taubanen for vaggene som gjekk frå importkaien og oppover til lageret sør på fabrikkområdet. I framgrunnen der vi "terrassen" med tippmasse frå smelteverket og jernbanesporet som kom frå cyanamidavdelinga for å frakta støv. På flaten i framgrunnen ser vi og kraftlinene som kom frå Tyssedal kraftstasjon til Fordelingsstasjonen på Smelteverket. Brua mellom Odda sentrum og Ragde var ferdig bygd i 1919. Lufta verkar svært klar på denne vår-/ettervinterdagen. I bakgrunnen ser ein Banhammar, Kalvanes, Egne Hjem og dei tidlege anlegga og husa til "Zinken" på Eitrheimsneset.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».