• 2021: Under årsmøtet til Nordmøre Mållag laurdag 17. april, vart det klart at Kjellaug Handegard Brørs og Styrkår Brørs frå Surnadal har vorte tildelt Målprisen 2020.


– Eg har jobba mykje med både nynorsk og dialekt, mellom anna gjennom teaterarbeid i 55 år. Så eg trur nok at eg har sett litt spor etter meg, seier Styrkår i helsinga.

Han held fram:

–  Eg er fødd og oppvaksen i Surnadal, og sett Hans Hyldbakk høgt, også i synet hans når det gjeld målbruken. Han slavar ikkje etter normalen, men tenkjer litt på korleis vi pratar på Nordmøre, og brukar ein del ord og uttrykk som er typisk surnadalske.

På spørsmål om ho er samd i det, smiler Kjellaug, før ho svarar slik:

– Nesten. Vi har diskutert dette ein god del, og eg er vel ein god del meir konservativ enn Styrkår. Eg seier «me» og skriv «drøymer» og «strøymer», dei orda har ikkje Styrkår i si dialekt.

Dei to slår fast at språk er-, og alltid har vore, veldig viktig for dei.

– Og det er sjølsagt nynorsken som er nærast oss, seier Kjellaug.

Grunngjevinga for prisen:

«Målprisen 2020 går til Kjellaug Handegard Brørs og Styrkår Brørs

Prisvinnarane brukar nynorsk på ein framifrå måte, både gjennom arbeidslivet som lærarar, i allsidige kulturaktivitetar på fritida og i ei aktiv pensjonisttid.

Dei har hatt tillitsverv i Surnadal Heimbygdlag og Nordmøre Mållag i mange år, og dei har gjort ein stor innsats for språk og kultur i Surnadal og på Nordmøre.

Kjellaug og Styrkår har begge vore bidragsytarar til «Du mitt Nordmøre» der Kjellaug også var leiar i skriftstyret i fleire år på 1990-talet. Den nyaste artikkelen hennar handla om Fjelltrimmen 2018, noko som viser til ei anna stor interesse, fjell og friluftsliv.

Styrkår har dessutan skrive fleire bøker, slik som Svorkahistoria og jubileumsboka til Tordenskjold Songlag, og han medverka til boka «Ville Blomstra». Han er også svært aktiv med revy- og amatørteaterverksemd i bygda, der han stadig er i gang med prosjekt som vi gleder oss til å sjå   --   .Bildet er fra avisa Tidens Krav sitt arkiv i tidsrommet 1970-1994. Nå i Nordmøre museums fotosamling.
    Photo: Nordmørsmusea

2021: Under årsmøtet til Nordmøre Mållag laurdag 17. april, vart det klart at Kjellaug Handegard Brørs og Styrkår Brørs frå Surnadal har vorte tildelt Målprisen 2020. – Eg har jo...

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to