Frå avdukinga av bauta på Bautahaugen 17. mai 1905.
Kring førre hundreårskifte representerte bautaer og det å hogge noko i stein varige spor og handfaste minne etter norsk storheitstid. I tida rundt oppløysinga av unionen med Sverig ...
Kring førre hundreårskifte representerte bautaer og det å hogge noko i stein varige spor og handfaste minne etter norsk storheitstid. I tida rundt oppløysinga av unionen med Sverige, vart dette viktige symbol. Bautahaugen vart stifta i 1902, og i 1906 hadde Erik Bergsrud rissa inn inskripsjonar til minne om både «Hedalens Krigsmænd» som i perioden 1808–1814 deltok i krigshandlingane mot svenskane, kong Haakon, dronning Maud, kronprins Olav og den fyrste en nye norske statsministeren Christian Michelsen. I 1945 fekk også Per Bruskerud ein bautastein. Han hadde gått gjennom isen i Vassfaret då han skulle frakte våpen for heimefronten. Tradisjonen med kongemonogram og signatur vart vidareført då kong Harald og dronning Sonja vitja Bautahaugen, 9. juni 2010.
Eigarane av Nørre Braka, Gudbrand Arnesen (1845-1926) og kona Gunhild Maria Andersdatter (1852-1930), gav den gamle dansarfeten Jonsrudhaugen som samlingsplass og framtidig museumsområde. Dette biletet vart take av dei under avdukinga av den fyrste bautaen i 1905, til høgre står sønene deira Anders og Ola.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».