Hedalen sangforening, 08.11.1896. Bilete take utanfor Nerstad skule.
"Unionen mellom Noreg og Sverige vart oppløyst i 1905, etter lang politisk kamp. Det norske flagget i raudt, kvitt og blått vart fyrste gong godkjent av kongen i 1821, men striden ...
"Unionen mellom Noreg og Sverige vart oppløyst i 1905, etter lang politisk kamp. Det norske flagget i raudt, kvitt og blått vart fyrste gong godkjent av kongen i 1821, men striden om flaggsaka vart lang og hardna meir og meir sist på 1800-talet. På biletet frå Nerstad skule i 1896 ser vi at flagga er utan det upopulære unionsmerket eller den såkalla «sildesalaten». Fyrst tre år seinare kunne det reine flagget lovleg heisast på Stortingsbygningen. På same tid vart det stifta mange folkehøgskular og museum, og det var populært å koma saman i fråhaldslag, mållag, songlag og ungdomslag. Ofte kom det ein foredragshaldar som heldt ein flammande folkeopplysingstale om alt frå helse og åndsliv til målstrev og sjølvstendekrav. På det meste var det fem skulekretsar i Hedalen, den eine av dei var Vassfaret."
Anne Marit Noraker, mars 2021
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».