I det gamle bondesamfunnet levde folk i eit naturalhushald. Ein stelte naturen, dyra og kvarandre som best ein kunne. Dei fleste dyrka korn og potet, og dei hadde husdyr i fjøset. ...
I det gamle bondesamfunnet levde folk i eit naturalhushald. Ein stelte naturen, dyra og kvarandre som best ein kunne. Dei fleste dyrka korn og potet, og dei hadde husdyr i fjøset. Det var eit kollektivt arbeidsfellesskap der alle var med i arbeidet og gjorde det dei evna, uansett alder. Stikkord her er til dømes å mjølke, kinne, gjera reint i fjøset, slå, raka og hesja gras, hogge tømmer, kløyve ved, plukke stein, smi, sanke, baka, slakte, bygge, jakte og fiske. Dei konserverte maten, laga og reparerte klede og reiskap, og dei bygde ofte òg husa og laga møblane sine sjølve. Mange bytte varer og tenester med kvarandre. Særleg sommarhalvåret kan det ikkje ha vore mykje fri å få; då måtte dei produsere nok mat til at både folk og dyr skulle klare seg gjennom lange, kalde, mørke og snørike vintrar. Biletet er take under slåttonn på Myrvang på 1950-talet.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».