History
-
-
"Dei fyrste som starta med sylvrev i Hallingdal, var Olav Warberg i Øvre-Ål som 1919 kjøpte eitt par og brørne i Veslegard i Leveld som starta med to par i 1920. Særleg i 1930-åra vart det bygt mange sylvrevgardar rundt om i heile landet. Største sylvrevbygda i Noreg var Ål i Hallingdal, som ved landbrukstejlinga i 1939 hadde 13734 sylvrevar. I sume grender i Ål var det ein sylvrevgard mest på kvar gard. Viktigaste inntekta av sylvreven var skinnsal, men sylvreven skapte positive ringverknader for næringsliv og infrastruktur. Jamvel kosthaldet for folk vart påverka av sylvreven. For å få mange og livskraftige ungar av desse kostbare dyra, vart det lagt stor vekt på at maten inneheld viktige næringsstoff. Det førte med seg større merksemd i kosthaldet i heimen. I Hallingdal 11.11.1938 stod denne notisen "Distriktlægen i Aal forteller i sin siste medisininnberetning at sølvrevavlen både direkte og indirekte har ført med sig det gode at det nu blir brukt langt mer fersk og saltet fisk samt grønsaker i den daglige kost enn før. Nesten hvert hus og hjem i bygda har en liten grønsakshave." 2019 vedtok Stortinget forbod mot oppdrett av pelsdyr, gjeld frå 2025."
Skrevet av Knut H. Skrindo, 2022. -
Produksjon - 2021 — 2022 (Antatt.)
- Production place Norge Ål Vats sikker
-
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier HFN 15156
- Part of collection Hallingdal Museum
- Owner of collection Stiftelsen Hallingdal Museum
- Institution Hallingdal Museum
- Date published July 14, 2022
- Date updated March 21, 2024
- DIMU-CODE 0210211743072
- UUID b25f10f6-ae67-4341-8caa-ea8aa5a1eb17
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».