History
-
- Kassen er laga av to solide trekassar som opprinneleg inneheldt elektriske tennarar sendt til entreprenørselskapet Høyer-Ellefsen under Tysso II-anlegget i Skjeggedal. I motsetning til dynamittkassane som dei oftast slo sund etter kvart, var dette kraftige kassar som var populære til gjenbruk både på anlegget og privat. Det låg mange tennarar i kvar kasse (momenttennarar som vart kopla i seriar), difor måtte dei vera solide med gode berehankar. Anleggsleiinga la ned eit slags forbod mot å ta dei med, men mange gjorde det likevel i forsiktig skala. Gjevar var sjåfør på vegarbeidet og hadde bil i Skjeggedal. Han tok berre to kassar og omarbeidde dei til å ha diverse utstyr i heime i uthus/garasje. I dei siste åra har kassen stått tørt i eit naust, inntil museet vart kontakta og takka ja.
-
Produksjon - 1965 — 1967 (tidsrom gjevar var på anlegget)
Kassen er produsert for sending av elektriske tennarar (halbsek. zünder) av firmaet Alfred Nobel Aktiengesellschaft, Troisdorf, i den tyske delstaten Nordrhein-Westfalen.
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier NVIM-05979
- Part of collection Kraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collection Hordaland
- Institution Kraftmuseet
- Date published September 28, 2022
- Date updated September 28, 2022
- DIMU-CODE 0210211801292
- UUID 2ed9c29b-b854-40b6-a2ab-99abba895fcc
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».