History
-
-
Gjenstanden har stått i eit "oljerenserom" ved Skafså Kraftverk i Tokke kommune, Telemark. I følgje dokumentasjon om kraftanlegget er denne gjenstanden "anskaffet" omkring 1952, men serienummer kan antyda at modellen er frå 1939 eller produsert i 1939. Oljefilteret var sist i bruk på 1970-talet, då ved Olav Hervik, Åmdalsverk. Filteret vart ikkje bruka så mange gonger i den perioden det var installert i anlegget, kanskje berre 2 - 4 gonger, og mest i starten. I vekerapporten for veke 44 i 1952, kan vi under avsnittet "Transformatorene", lesa at "vårt oljerenseanlegg har nå vært i bruk i flere dager. Samtlige oljeledninger er fyllt med renset transformatorolje." - Ei skisse i arkivmaterialet som føl gjenstanden, viser korleis apparatet var installet i høve til andre installasjonar.
Oljefileteret er etter tidlegare eigar si vurdering "eit klenodium" og er svært godt dokumentert med arkivmateriale frå Skafså Krfatverk.
Gjenstanden vart først tilbydd Norsk Teknisk Museum og Rjukan Industriarbeidermuseum (NIA), deretter Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum / Kraftmuseet som innlemma det i samlingane. -
Bruk - 1952 — 1972 (antat ut frå dokumentasjon)
Bruken er beskrive kort og ved skisse i vedlegg, AS Skafså kraftverk, 1956, side 114-115. Filteret vart ikkje bruka så mange gonger i den perioden det var installert i anlegget, kanskje berre 2 - 4 gonger i følgje gjevar ved mottak til museet i 2006. I vekerapporten for AS Skafså Kraftverk, veke 44 i 1952, kan vi under avsnittet "Transformatorene", lesa at "vårt oljerenseanlegg har nå vært i bruk i flere dager. Samtlige oljeledninger er fyllt med renset transformatorolje." - Ei skisse i arkivmaterialet som føl gjenstanden, viser korleis apparatet var installet i høve til andre installasjonar.
-
References
-
- Litteraturreferanse AS Skafså kraftverk, 1956, Side 114-115. Under kapittelet "Oljerenseanlegget" er "et transportabelt oljerenseanlegg som er anskaffet" nemnt.
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier NVIM-05980
- Alternative name NVIM-4687 - Tidligere anvendt i egen institusjon (feilnummerering (dobbeltreg på nummeret))
- Part of collection Kraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collection Hordaland
- Institution Kraftmuseet
- Date published October 6, 2022
- Date updated October 11, 2022
- DIMU-CODE 0210211808228
- UUID 64a8429e-b95d-4c96-a647-83bae8cfc569
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».