Kinne med stav. Kinna er sett saman av 8 stavar, 2 av desse er forlenga til øyre. Lett utoverskrånande sider. 2 hjul av vidjer øvst, 2 hjul på midten og 1 hjul nedst (har vore 2). Sirkulær botn. Staven er ein skoren stokk, sirkulært tverrsnitt, breidast nedst. Nedst er det festa på ein kross gjennom eit hol midt i krossen. Krossen er sett saman av 2 trebitar som kryssar kvarandre, eit rektangulært hol ytst i kvar ende.
Photo:
Hallingdal Museum