History
-
Ulike bruksområde som postbåt, kyrkjebåt, fiske, skyss. Brukt til kyrkjebåt, posthenting, fiske og arbeidsreiser. Handsmidde roer, sauma oppatt rundt 1946.
Båten vart sist brukt i 1946 av John Bjørge, (f. 1931) på Totland, Lindås. Frå Totland laut han ro over Osterfjorden for å koma til Hosanger kyrkje på Osterøy, der han gjekk for presten, og der folket på Totland hadde kyrkja si. I samband med konformasjonsreisene blei båten sett i stand og sauma opp at. Folk på Totland laut óg ro og sigla til Hosanger for å henta post og varer. Båten har truleg berre vore rodd sidan det ikkje er spor etter bruk av segl. Det var nokså vanleg at færingar ikkje var rigga, men berre brukt som robåtar. Dei kunne likevel, om vinden var rett, bruka eit "lauvsegl" ei bjørkebusk som dei sette i framskuten, Alderen er uviss, men bruk av handsmidde firkant roer tyder på at båten truleg er meir enn 120 år. John Bjørge sin besefar, (f. 1850) var bygningsmann. Han hadde oppdrag mange stader og rodde då ofte med ein arbeidskamerat. Fleire av arbeidsturane gjekk til Bergen. Færingen har nok vore brukt på mange slike arbeidsreiser.
Eierskap
Produksjon: 1900 (Ukjend byggeår, men truleg før 1900)
Bruk
- Brukssted, sikkerNorge Osterfjorden
Classification
References
- LitteraturreferanseFæring Tilgjnegelig frå snl.no
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierHOM08440
- Part of collectionHordamuseet
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionHordamuseet
- Date publishedJanuary 28, 2023
- Date updatedNovember 26, 2023
- DIMU-CODE0210213228792
- UUID928e3f0c-bc5f-44d3-a730-70f21dee0098
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».