History
-
Olga f. 1898, d.1991 og Gerhard Ness f.14.11.1896, d.1967.
Avskrift:
Frå boka Tiltak og Arbeidsliv i Sunnhordland, band I, av Kristofer Sydnes:
Møbelkunst.
4 unge menn, Gerhard Næss, Erling Malmanger,
Gotskalk Gjerde og Gotskalk Øyro gjekk for eit par aar sidan igang med eit tiltak som dei nemner "møbelkunst." Dei starta i fabrikkeigar Jensen sine arbeidsrom. Dei arbeiddar møblar i alle stilartar. Dei har utstillingsrom like ved vegen. Der er møblement i ulik stil framsynt. Folk stoppar opp i undring. Det gjorde folk paa varemessa i Hardanger i fjor og. Dei laut leggja merke til kva desse karane hadde aa syna fram av fint arbeid i gamal, rein stil. Bladi roste sterkt dette arbeidet.
Til denne tid har karane havt nok upp aa gjera. Det er serleg fraa Bergen dei faar tingingar.
Soleis paa papiret er dei vist like i makt og mynde alle 4 karane. Dei reknar vel med at dei har kvar sine sterke sider og fyller ein annan ut. Men ein har no likevel ei kjensle av at der er Gerhard Næss som er sjeli i tiltaket. Hr. Næss er turnar, songar og musikkar, ja, han er til og med formann i Hordalands musikk og dertil ein gripa greid formann. Men styrken er nok i teiknekunsten og med kniven.
Han har ei tid vore lærar ved kunsthandverkskulen i Bergen, og daa skar han altertavla tli Sandvikskyrkja, og han skar hjorten i Hjortegarden.
Hr. Næss er ein av desse som ikkje kjenner seg utlærd um han kann utføra arbeid som alle rosar. Han etlar seg no paa stipendieferd til utlandi for aa sjaa, høyra og læra.
"Meir kunst og større stilsans" inn i dei norske heimar er hr. Næss sitt store arbeidsmaal. Gjev han maate faa lukka i arbeidet, so me naadde heimyver nokon kvar.
Eierskap
Eierskap
Classification
License information
Metadata
- IdentifierSF.008430
- Part of collectionSunnhordland Museum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionSunnhordland Museum
- Date publishedAugust 18, 2023
- Date updatedAugust 18, 2023
- DIMU-CODE0210213634041
- UUID834494b6-e1c4-447e-a4aa-4f52dee1a132
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».