History
-
Herdla slipp og reperasjonsverkstad
Arbeidet starta i 1929, byrja å ta oppdrag sommaren 1930 (1-7-30). Initiativet kom frå lokale folk/fiskarar i området og slippen blei organisert som eit AS. Leif Dahl (onkel til Jan) og broren Finn (far til Jan) dreiv verksemda. Båe hadde erfaring frå Norsk Motor, dei hadde også utdanning frå Fagskulen i Bergen. Slippvogna skulle stamma frå ein slipp på Hanøy. Dei hadde med seg tømmermannen Johansson som var svensk. Dei hadde også med seg ein smed- Mongstad sidan smed Håland.
Den travlaste tida var frå påske og utetter då båtane skulle vølast og bunnsmørjast etter sildefisket (drivgarnsfiske i januar/februar og botngarnsfiske etter dette (mars-april). Elles så kunne det dukka opp akuttopdrag dersom nokon t.d. fekk motorhavari. Vanleg arbeidstid var frå kl. 08.00 – 19.00 med ein times pause midt på dagen. Det var ikkje uvanleg at dei også måtte arbeida i helgane. Fiskarane fekk botnsmørja sjølv medan båten stod på slippen.
Dei gjorde alle typar arbeid, men primært mekanisk: montering av motorar og vinsjar og reperasjonar. Då krigen kom blei slippen konfiskert av tyskarane, men arbeidet heldt fram. Arbeidsfolka kom med båt kvar dag til Herdla. Jan viser til rykte om at dei også hadde oppe tyske fartøy og at dei då såg til at vogna spora av slik at arbeidet stoppa opp. Dette har han ikkje høyrt noko om frå familien. Etter frigjeringa var faren og onkelen vakter på Herdla – til saman 8 – 10 mann som såg til at ikkje det som stod att etter tyskarane vart øydelagt. Jan fortel også at han var innom fangeleiren på Skarvøy – forholda var så forferdelege at dei har han fortreng. Han og ein annan fekk då ei fele som framleis er i familien si eige. 16 mai på veg til byen traff dei ein av u-båt jagarane som hadde vore med mat til fangane på Skarvøy.
Jan byrja å jobba på slippen då han var ferdig med folkeskulen 15 år gamal. Han arbeidde til han reiste i militæret i 1950 og heldt fram då han kom attende i 51-52. Han arbeidde så fram til han fekk jobb på kyrkjegarden i 1957, framleis var han med i samband med slippsetjing og liknande. Jan arbeidde med m.a. motorfundament, skifta ror og lausekjøl.
AS-et blei oppløyst 29.10.50 – då overtok familien Dahl heile verksemda. Midt på 1950-talet byrja dei å produsera steikeplateklemmer i rolege periodar. På dette tidspunktet var det byrja å minka på oppdraga, men slippen heldt fram til ca.1970. Viksund kjøpte anlegget og engasjerte Bjørnstad til å riva bygningar og slipp. I dag er det få spor att etter slippen.
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierHER.00335
- Part of collectionHerdla Museum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionHerdla Museum
- Date publishedDecember 7, 2023
- Date updatedDecember 7, 2023
- DIMU-CODE0210214077009
- UUIDfd59ddfc-6355-48ef-a548-95d185ca5cfb
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».