History
-
R.FM.00904 med kallenamnet «Bjørnsonbåten»
Trerøring frå Nesset, gjerne omtala som «Bjørnsonbåten», men Bjørnstjerne Bjørnson har ikkje hatt noko med båten å gjere.
Notat
Molde 11.01.2023 av Bjørn Austigard
Eg bad Kenneth Fåne søke i avisene i 1960-åra på «Bjørnsonbåten» og «Bjørnsons skyssbåt». Det gav overraskande mange treff frå heile landet, og tre av dei var avslørande artiklar. Alle dei andre kom ikkje med noko nytt, men somme viser at det er Bjørnsonforbundet (ved Per Amdam) som er drivkrafta for å sikre båten for Fiskerimuseet.
Romsdal Folkeblad 24.11.1960 viser at båten er i privat eige, og at Per Amdam veit kvar han er.
Romsdal Folkeblad 01.07 1976 (altså 16 år seinare) fortel at organist Edvin O. Rød (f. 06.05.1903, d. 24.04.1987) har vore skyssa med båten, mest truleg saman med presten i åra 1917-1931. «Mens han var konfirmant anmodet presten ham til å bli organist i Eresfjord. Edvin takket ja og spilte der til 1931. I Eidsvåg kirke har han spilt fra 1930 og i Eikesdal og Vistdal i henholdsvis 31 og 22 år. ... Og hans tjeneste har ikke bare vært lang, den har vært svært så beskjedent belønnet og temmelig slitsom. Det siste sagt med tanke på de lange og slett ikke alltid så lette reisene. Ofte i åpen båt i all slags vær, andre ganger på sykkel.. – Først brukte vi den gamle Bjørnsonbåten med to gamle kaller som rodde, og det kunne blir mye sjø av det minnes Rød. Nå er det selvsagt mye lettere, men Vistdalsheia kan jo være skarp, selv med bil.»
Storfjordnytt 14.06.2012 omtalar ein kopi som blir laga av «Bjørnsonbåten». Trerøringen på Fiskerimuseet blir kopiert, men det blir sett inn berre to par keipar. Dette oppslaget avslører tydelegare enn alt anna at museumsfolka i 2012 har trudd at «Bjørnsonbåten» er den som BB sat i i 1896.
Dette har Øyvind Vestad motbevist heilt klart ettersom den såkalla «Bjørnsonbåten» på Fiskerimuseet er ein trerøring medan Bjørnson blir rodd på Eresfjorden i ein færing.
Kvar kjem så Bjørnsonbåten frå?
Helge Bugge f. 3.07.1944 voks opp på Ut-Bogge og var jamaldring med Ingvar Åkesson på prestegarden. Helge sat meir enn ein mannsalder i prestegards-tilsynet, og han kjøpte seinare husmannsplassen Øvre Bukta (bnr. 3) og har budd der.
På telefonen den 14.01.2023, fekk han spørsmål om «Bjørnsonbåten» kom frå prestegarden, og her var han sikker i si sak:
1. Prestane i Nesset hadde ikkje båt etter 1933. Det har aldri vore båt i prestegardsnaustet i Helge Bugges tid, og dei som budde i Øvre og Nedre Bukta hadde ikkje naust. Helge såg på det som nærast umogleg at båten kom frå prestegarden.
2. Organist Edvin O. Rød talar om «Bjørnsonbåten» i Romsdal Folkeblad (1976) på ein måte som viser at han kjente båten godt. Edvin var eigar av Jogarden på Rød, gnr. 15/7, og budde der heile livet. Jogarden er med i mange folkeminne frå Bjørnsons tid på Rød. (Sjå Ola Hola: «Folkeliv og tradisjon frå Nesset» bind 1 og 2, der han Jo-Pe Rød - Peder Bersvendsen Rød f. 1817 - er omtala svært mange gonger.)
3. I «Nesset kyrkje 100 år. 1878 – 1978» står det også eit intervju med organist Edvin O. Rød (1903-1987) om skyssing, og her er det fleire detaljar enn i avisintervjuet i Romsdal Folkeblad:
«Dei åra eg var i Sira kyrkje før 1930 måtte eg dra heimanfrå grytidleg. Eg sykla eller sparka til prestegarden, eller rodde til Prestneset. Derifrå gjekk turen saman med presten ofte med robåt til Nauste. To av husmennene på Prestegarden var då rorskarar. Det kunne vere temmeleg stridt mang ein gong innover langs Langfjellet (?. Det er ingen ting som heiter det der.)» Dei to husmannsplassane Øvre og Nedre Bukta var sjølveigande i 1926.
4. Notat 20.04.2023 etter befaring på Fiskerimuseet
På fremre tofta på båten står innsvidd S.T.EIDSVAAG to stader. Dette står for Steffen Trondsen Eidsvaag, f. 09.09.1851, d. 19.03.1926. Han budde på Steinteigen under Eidsvåg, gnr. 29/28.
Etter Gards- og ættesoge for Nesset» bind 2 s. 427-28 var dette ein svært dyktig kar, og han hadde mange tillitsverv, m.a. var har medhjelpar i kyrkja i 40 år! Han hadde ikkje eigne livsarvingar, men kona hadde. Dette opnar for at det var båt på prestegarden før 1930, men kvifor har Steffen Trondsen sett svimerket sitt i prestbåten? Kan han ha reparert båten?
Molde, den 12. juni 2023
Ved leiting etter noko «heilt anna» fann eg følgjande setning i Romsdalsmuseets årbok 1966, s. 32. Under avsnittet «Gaver til Fiskerimuseet 1965» står: «Bjørnsonbåten fra Ole og Emilie Myklebost, Talset». Dette burde eg ha oppdaga før, men i ein tidleg fase i «leitinga» trudde eg at båten kom til Fiskerimuseet fleire år før dette.
Kven var så Ole og Emilie Myklebost frå Talset ved Fannefjorden?
Ole Andreasson Myklebostad var fødd på Bottolfgjerdet? under Myklebostad (nedre) i Vistdalen den 29.05.1904 og kom flyttande saman med foreldra til Røstateigen på Rød (gnr.15/8) i 1919. Dette var eit småbruk som var utskild frå Jogarden (gnr. 15/7) i 1862. Både Andreas Myklebostad og sonen Ole, som seinare skreiv seg for Myklebost, dreiv m.a. med fiske på fjorden. «Ole forsynte bygda med fisk», sa Odd Sverre Løset i eit telefonintervju i juni 2023.
I 1934 gifta Ole seg (for andre gong) med Ingeborg Emilie Fransgjerde ved Talset/Solemdalen, og i 1956 kjøpte dei bruket Lienden under Solemdal, gnr. 2/9 i Bolsøy og flytta dit. Sonen Edmund Myklebost f. 21.04.1938 fortalde over telefonen at far hans heldt fram som fiskar på Fannefjorden, men han fekk ikkje byggje seg naust der. Han hadde ein annan båt som han fiska med, og av plassgrunnar gav han «Bjørnsonbåten» til Fiskerimuseet. Eg spurte Edmund kva far hans kalla båten, og han sa: «han Bjørnson».
Oppsummering så langt:
«Bjørnsonbåten» har katalognr. 904 men er ikkje den båten som Bjørnstjerne Bjørnson vart rodd i på Eresfjorden i 1896. Katalognr. 904 er ein trerøring medan Bjørnstjerne Bjørnson vart rodd i ein færing.
Edvin O. Rød (f. 06.05.1903, d. 24.041987), som hadde eit sterkt engasjement i denne saka, var eitt år eldre enn Ole Myklebost, og dei var grannar. Den aktuelle båten kan ha tilhøyrt Jogarden på Rød, gnr. 15/7, og mest truleg selt til Røstateigen fordi Ole dreiv fjordfiske.
Pådrivar for å få båten til Fiskerimuseet var Bjørnsonforbundet med Per Amdam i spissen.
Forslag til «fakta» til registreringa:
R.FM.00904
Trerøring frå Nesset, gjerne omtala som «Bjørnsonbåten», men Bjørnstjerne Bjørnson har ikkje hatt noko med båten å gjere.
Tidlegare eigar (usikker): Steffen Trondsen Eidsvaag, f. 09.09.1851, d. 19.03.1926. Han budde på Steinteigen under Eidsvåg, gnr. 29/28 og var medhjelpar for presten i 40 år.
Tidlegare eigar (usikker):
Edvin O. Rød (f. 06.05.1903, d. 24.04.1987). Han viste eit sterkt engasjement for båten. Han var siste eigar av Jogarden på Rød, gnr. 15/7 der båten kan ha komme frå.
Givar og siste eigar:
Ole Myklebost, f. 29.05.1904, d. 1995. Han var fjordfiskar både på Rød og i Solemdalen. Sjå meir i Ottar Roaldset: Gards- og ættesoge for Nesset, Bind 1 (1973), s. 413 og Arnold Solemdal: Solemdalsboka (1987) s. 151.
Han og kona Emilie gav båten til Fiskerimuseet i 1965.
Bruk
- BruksstedNorge Møre og Romsdal Nesset Rød gnr/bnr 15/7sikker
Aksesjon: 1964 - 1965
Edvind O. Rød viste eit sterkt engasjement for båten. Han var siste eigar av Jogarden på Rød, gnr. 15/7 der båten kan ha komme frå. Steffen Trondsen Eidsvåg budde på Steinteigen under Eidsvåg, gnr. 29/28 og var medhjelpar for presten i 40 år.Produksjon: 1864 - 1900
Anders Knutsen Aasen kom til Eidsvåg i 1864, og var den eneste kjente båtbyggeren i Eidsvåg på slutten av 1800-tallet. Det er derfor sannsynlig at det er han som har bygd båten. Se Romsdalsmuseets årbok 1990 s.37-69.- Produsent (K)Aasen, Knut Andersenusikker
- Produsent (K)Aasen, Anders Knutsenantatt
- Place of creationNorge Møre og Romsdal Nesset Eidsvågusikker
Classification
References
-
- Foto-nummer1/34.1.2
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier R.FM.00904
- Part of collection Romsdalmuseet
- Owner of collection Møre og Romsdal
- Institution Romsdalsmuseet
- Date published February 12, 2025
- Date updated February 13, 2025
- DIMU-CODE 0210214909340
- UUID 28c5ef80-4f8b-4fb5-95e2-f987402f6404
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».